nyhende

Det nye orgelet blei finansiert med innsamla midlar og kommunale løyvingar, og stod ferdig i 1973.
Det nye orgelet blei finansiert med innsamla midlar og kommunale løyvingar, og stod ferdig i 1973.

Feirar 50-årsjubileum for orgelet med konsert

I rekka av satellittkonsertar til Fartein Valen-festivalen, skal det laurdag feirast at orgelet i Sveio kyrkje er 50 år Programmet får fram mange ulike sider ved instrumentet.

Publisert Sist oppdatert

Sveio kyrkje fekk sitt første orgel i 1902. Det var ei gåve frå Th. W. Simensen. Sveio soknestyre gjorde vedtak om innkjøp av orgel i 1899. Jørgensen var orgelbyggar, det var mekanisk og hadde ein manual. Det hadde diverre ikkje den kvaliteten ein skulle ønska, og på 1950-talet starta ein å snakka om nytt orgel.

Det nye orgelet blei finansiert med innsamla midlar og kommunale løyvingar, og stod ferdig i 1973. Organist Dagfinn Reinertsen gjorde ein stor innsats for å skaffa orgel i kyrkjene her i Sveio. Ein såg det som viktig med gode instrument i kyrkjene. Det blir nytta ved mange store hendingar, samtidig som det er ein måte å få musikalske ressurspersonar til bygda.

Stor innsats

Orgelkomiteen gjorde også ein stor innsats og sytte for å få eit godt instrument på plass. Medlemmene i komiteen var Peder Johan Pedersen, Erling Alsaker, Signy Fludal og Peder Lønning. Orgelbyggaren – Gebr. Jehmlich Orgelbau, Dresden – gledde seg over å få bygga orgel i eit stort, fint rom med god akustikk.

Den kjende organisten Finn Viderø vart rådspurd i samband med innkjøpet. Organist Kolbein Haga, son til sokneprest Finnleiv Haga, hadde vore student hos Viderø i København. Viderø kom for å ha konsert i kyrkja saman med fleire norske frontfigurar som blei begeistra for instrumentet.

Jubileumskonsert

Orgelet i Sveio kyrkje har ein open og klar klang, med lyse, klingande mixturar som klangkrone og rike røyrstemmer som gjorde og gjer at mange let seg imponera. Sveio kyrkje er eit av dei beste romma på Haugalandet og i Sunnhordland til sitt bruk. Salmesong, korsong, instrumentalmusikk generelt og orgelmusikk spesielt har særs gode vilkår her.

Under jubileumskonserten medverkar Ole Jørgen Furdal, orgel, Carolina Chmielewska, obo, Sunniva Eliassen, mezzosopran, Dag Anders Eriksen, fiolin, Hayato Naka, fiolin, Yumi Sagiuchi Schulz, bratsj, Pierre Doumerge, cello og Alie Hamberg, orgel.

Powered by Labrador CMS