nyhende

Nova Bua Helvig var framme og helste på Klovnen Knut (Berntsen).FOTO: PRVIAT
Nova Bua Helvig var framme og helste på Klovnen Knut (Berntsen).

Feira stor dag med karneval

Bua kultur- og friluftsbarnehage markerte tysdag at dei har eksistert i fem år, og at dei har blitt ein såkalla EQ-barnehage.

Publisert Sist oppdatert

Dagen vart feira med karneval på dagen for barna.

Til feiringa var også Sveio-ordførar Linn Therese Erve og barnehagefagleg rådgjevar Gunnhild Staupe inviterte. Og begge hadde tatt utfordringa med å kle seg ut på strak arm.

Dei kom utkledd som høvesvis Anna fra Arendell frå filmen Frost og ei heks.

Ordførar Linn Therese Erve (t.h.) kom utkledd som Anna til karnevalet. Barnehagefagleg rådgjevar Gunnhild Staupe, også ho frå Sveio kommune, kom som heks.

Populært var også showet til Klovnen Knut, som leste «Noregs Løver» for barna, og tok dei med på musikalske innslag.

EQ-barnehage

På kvelden var det duka for foreldremøte, kor dei føresette fekk eit lite innblikk i kva EQ er.

På møtet deltok også Anette Hovda frå Småfolk barnehage i Etne, som også er EQ-barnehage.

Anette Hovda (t.v.) overrakte beviset på at Bua kultur- og friluftsbarnehage har blitt EQ-barnehage. I midten Silje Huse og ytterst Marianne Folgerø.

EQ står for emosjonell intelligens.

— Å vere ein EQ-barnehage vil seie at et me har fokus på å møte barn, føresette og kollegaer med grunnforståinga om at alle gjer så godt dei kan ut frå sine føresetnadar. Dei tilsette i barnehagen er opptatt av å gi barna støtte i å meistre motgang, handtere utfordringar og å bli kjent med eigne og andre sine kjensler, fortel dagleg leiar Silje Huse.

Personalet er kursa

Ho er stolt over at 85 prosent av personalet har gjennomført 1 år med kursing i EQ-kompetanse.

— Vi gler oss til å jobbe vidare med dette ut mot barna, dei tilsette og etter kvart enno meir ut mot foreldra også, seier Huse.

Ungane vart begeistra av Klovnen Knut.
Powered by Labrador CMS