nyhende
Feira nye veglys med gløgg og lussekattar
Det har i løpet av hausten blitt mykje tryggare å ferdast, både som bilist og mjuk trafikant, i Vågedalen. Det ville ikkje åtte venninner la gå upåakta hen, og inviterte til ei «uhøgtideleg opning» tysdag kveld. Halve bygda kom!
— Me synes det er stort at det endeleg har kome veglys i Vågedalen, og fann ut både at det var på sin plass med ei markering, og at det var kjekt å finne på noko kjekt i kjølvatnet av koronaen, og i ei elles mørk tid, fortel Elisabeth Tollaksen Vikse.
Ho er ein del av ein godt vaksen venninnegjeng frå Vikse-området som annakvar veke møtast på Haugli Bakeri i Sveio. Det var under eit kaffislabberas at dei byrja å snakke om at den positive utviklinga i Vågedalen burde bli markert på høveleg vis, og samen klekte dei ut ein plan for ei «uoffisiell opning» av gatelysene.
Folk strøymde til
Tysdag kveld inviterte dei heile bygda på lussekattar, som seg hør og bør på Luciadagen, og små overraskingar ved huset til Brit Elin Hovda Mølstre og hennar familie i Vågedalen. Og bygdefolket i Vikse krins let seg ikkje be to gonger. Det kom mange fleire enn det venninnene hadde trudd på førehand.
— Det var veldig kjekt, me hadde ikkje forventa at det skulle kome så mange! Eg har høyrt nokon talte 100 og eg har høyrt 50. Du kan nok trygt skrive at det i alle fall var 70, fortel ho.
Også ordførar Linn Therese Erve tok turen, og klipte snora for å markere at prosjektet er i mål.
Dei som kom fekk servert lusekatter, lapper, vaflar og julegløgg. Og dei fekk sjå kor fint pynta lyktestolpane var, for den kreative venninneflokken har både strikka og hekla ting å pynte stolpane med. Nokre har også vore innom Gjenbrukslåa i Førde for å finne ting å pynte opp med.
Snarvegen til Vikse
I sjølve Vågedalen står det berre nokre få hus. Men vegen er hyppig bruka av mange som bur i Vikse skulekrins. For folk er som vatn, og sjølv om vegen er smal, så er det mange som køyrer den i staden for å køyre om Ekrene når dei skal til og frå kommunesenteret.
— Det er skuleveg for nokon, sjølv om dei fleste tek bussen. Også er det også ein fin veg å gå tur langs. Og det blir tryggare i mørket, med lyktestolpane på plass, seier ho.
Det er til saman 19 master med veglys som er sett opp på den litt under ein kilometer lange strekninga frå Fylkesveg 47 og over til Gullvegen. I tillegg er det etablert fire fartshumpar, det er gjort utbetringar av ein sidevegg i Vågeelva for å hindre utvasking mot veg, og det er fjerna nokre tre for både å gi betre sikt, og plass til veglys.
Prosjektet fekk ein totalkostnad på såvidt over eim million kroner. Det er finansiert med trafikksikringsmidlar frå Vestland fylke på til saman 417.500 kroner, og ein kommunal andel på 608.658 kroner.