nyhende

Solfrid Lier Habbestad (t.v.), Per Bjørn Habbestad, Asbjørn Natås, Svanhild Lier, Jan Helge Hovland, Grethe Natås, Eldrid Fiskaaen, Øyvind Fiskaaen kunne unne seg eit kakestykke med godt samvit, då det vart markert at innsatsen dei har lagt ned i Gjenbruksløa no har betalt ned byggjelånet til Sveio soknehus. FOTO: ARILD STEINSLAND/SVEIOKYRKJA
Solfrid Lier Habbestad (t.v.), Per Bjørn Habbestad, Asbjørn Natås, Svanhild Lier, Jan Helge Hovland, Grethe Natås, Eldrid Fiskaaen, Øyvind Fiskaaen kunne unne seg eit kakestykke med godt samvit, då det vart markert at innsatsen dei har lagt ned i Gjenbruksløa no har betalt ned byggjelånet til Sveio soknehus.

Feira nedbetalt soknehus

På berre åtte år har inntektene frå Gjenbruksløa i Førde finansiert lånet som vart tatt opp for å få bygd nytt soknehus i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

— 15. august overførte eg det siste avdraget på lånet, fortel en særs nøgd Per Bjørn Habbestad til Vestavind.

Det har gått om lag 10 år sidan Habbestad sa ja til å leie ei nemnd som skulle ta jobben med å få realisert eit nytt soknehus i Sveio. Etter å ha fått utarbeidd naudsynte planar og teikningar, såg ein at det ville kosta rundt 17 millionar kroner å setje opp storstova.

Kopierte Etne-idé

Ein la til grunn at soknerådet måtte reise 7,7 millionar kronar sjølv. Fram til då hadde soknerådet sine inntekter til føremålet vore basert på kyrkjeoffer frå ei gudsteneste om våren, og ein om hausten. 5.000 kroner i året til saman. Lite å byggje for med andre ord, så noko måtte gjerast om ein skulle få opp eit soknehus.

Styreleiar Per Bjørn Habbestad kan slå fast at Gjenbruksløa har vore ein gedigen suksess.

— På eit møte me hadde kom det ein idé flytanes på ei fjøl over bordet. Det var ein som hadde merka seg at ein i Etne hadde etablert ein gjenbruksbutikk, kor overskotet skulle gå til finansiering av den nye kyrkje der. Og at dei fekk inn 500.000 i året, fortel Habbestad.

Sveio sokneråd bestemte seg for å kopiere Etne-ideen. Dei la eit budsjett med inntekter på forsiktige 300.000 kroner i året. Dei fekk leige den gamle løa som ligg kloss inntil E39 i Førde. Dei vaska løa ned, bygde den om innvendig og fekk installert sanitæranlegg på dugnad.

Den 31. august 2014 var det opning. Resten har vore eit eventyr. Soknehuset sto ferdig i 2016, og det skulle raskt vise seg at dei hadde bomma kraftig på inntektskalkylande for gjenbruksløa. I positiv retning.

— Landets beste lokalitet

Første året nådde omsetnaden 1,1 millionar kroner. I snitt har det blitt selt nips og møblar for over 900.000 kroner kvart år. Fram til no er inntektene oppe i 7,3 millionar kroner. Det er oppsiktsvekkande for ein gjenbruksbutikk som berre har ope fire timar på fredagar og like lenge på laurdagar.

Siste avdrag for sokenrådet sitt byggjelån for Soknehuset er betalt.

— Lokaliteten ved E39 må vere den mest sentrale i heile landet, slår Habbestad fast.

Han anslår at 80 prosent av handelen er knytt til gjennomfartstrafikken gjennom Stavanger og Bergen, og altså ikkje sveibuar.

Forleden vart siste avdrag markert med kake i Gjenbruksløa i Førde.

Habbestad retter ein stor takk til alle dei rundt 65 personane som gjennom året tek vakter på dugnad på løa.

— Og til alle som har gitt vekk ting som me kan selje, legg han til.

— Kva skjer vidare med gjenbruksløa nå som lånet er nedbetalt?

— Styret har bestemt at me skal drive gjenbruksløa vidare, fortel han.

Dei ønskjer å bruke halvparten av framtidige inntekter til meinigheitsføremål. Mellom anna er det snakk om å få på plass ei ny diakonstilling, og ein ser før seg at noko av den kan bli finansiert av midlar frå løa.

— Den andre halvparten vil bli brukt på internasjonalt arbeid, fortel han.

Han legg til at om det er fleire som ønskjer å bli ein del av dugnadsgjengen, så er det berre å ta kontakt.

— Me har bruk for alle som ønskjer å bidra, seier han.

Powered by Labrador CMS