nyhende

Feira kjærleiken til fjells

I nydeleg sommarsol og frisk fjelluft gav Ruth Vihovde og Daniel Strand kvarandre sitt ja utanfor Olalia Fjellstove på laurdag. Vigslinga var det mor til brura, May Britt Vihovde som stod for.

Publisert Sist oppdatert

Men det som berre nokre få visste, var at denne vigslinga berre var ein kopi av det som skjedde for snart eitt år sidan. Gifteplanane blei nemleg framskunda då mor til brura som på det tidspunktet var varaordførar i Haugesund og som hadde vigselsrett, mista denne retten då vervet glapp ved kommunevalet i fjor haust. Dermed blei det hastebryllaup i all hemmelegheit på Haugesund rådhus 12. oktober 2019. Først etter bryllaupsmiddagen på Olalia kom alt for ein dag.

– Det vart ein del latter og ein spørsmål om korleis me hadde klart å halda det hemmeleg så lenge, ler brua.

Ruth Vihovde og Daniel Strand møtte kvarandre første gong i 2016, flytta saman året etter, fått to born saman, før dei på laurdag feira bryllaup i fjellheimen. Ho er oppvaksen på Vihovda, han på Bua. Med Ruth sine fire born frå tidlegare forhold, har dei no seks born totalt. Familien er busett på Austre Kringsjå i Sveio.

Vihovde/Strand skulle eigentleg ha gifta seg i mai i år. Men så kom korona, og det blei utsett. Plassen derimot blei ikkje endra på.

– Heilt frå me trulova oss i september 2018, var planen at me skulle gifta oss på Olalia, og at mamma skulle via oss, fortel Ruth som no har påplussa Strand i etternamnet sitt.

Fjellfolk

– Var det ein spesiell grunn til at de valde utevigsel?

– Me er glade i å gå i fjellet. Farmor og farfar, Ingeborg og Alf Olav Haug, har gjennom mange år vore hyttevakter på Olalia, og svært ofte har dei teke med seg oss barnebarna dit opp. Rett etter at eg og Daniel hadde trulova oss, gjekk me til Løkjelsvatnhytta (i Etnefjella) saman med farmor og mor mi. Då oppstod ideen om bryllaup på Olalia og at mamma kunne via oss, fortel Ruth som på denne tida var gravid. Bryllaupsplanane blei utsett til til mai 2020.

God hjelp frå mange hald

Gode hjelparar, Caroline Lund Lønning stod for sminke og Kristin Steffensen Nuntun fiksa håret til brura.

Bryllaupsgjestene hjelpte til med førebuingane på mange vis, alt frå fiksing av hår og sminke, plukka blomster, og bakedugnad. Skaldyrsuppa som blei servert til forrett, inneheld kamskjel frå Tittelsnes.

Sarah Mathea (12) og Simon (7), son og dotter av brura, ønska velkomen. Elles var det mange talar ved bordet.

– Dagen blei som eit eventyr og gledestårene lurte i augo på mange, fortel nygifte Ruth Vihovde som er bistandsrevisor i Politiet.

– Det å få via si eiga dotter er noko av det finaste eg har vore med på, og sjølvsagt også kjensleladd. Mange tårer rann, og papirlommetørkle var i bruk. Ei fantastisk fin oppleving, kommenterer May Britt Vihovde, stolt mamma og svigermor.

Powered by Labrador CMS