nyhende

Feira framoverlent 50-åring

Fjon Bruk AS sitt 50-årsjubileum blei feira både i Sveio og på Stord fredag. Samstundes fortel driftsleiar Helge Daae om utvidingsplanar for anlegget, som historisk har vore eitt av dei største klekkeria og smoltanlegga i landet.

Publisert Sist oppdatert

Det var Jacob Stolt-Nielsen som starta verksemda på Fjon i 1973 under namnet Stolt Seafarm. Alsaker Fjordbruk AS, med laksegründeren Gerhard Meidell Alsaker i spissen, overtok eigarskapen i 2006 og gjennomførte ei omfattande opprusting i åra 2008-2013. Fjon Bruk AS er i dag eit eige aksjeselskap innanfor Alsaker-konsernet.

– Me produserer 1.200 tonn smolt i året. Meir enn halvparten av dette blir levert til
eksterne kundar utanfor Alsaker-konsernet, fortel driftsleiar Helge Daae.

Omsetnaden var i 2022 på 160 millionar kroner.

52 millionar yngel i året

Kapasiteten er på 20 millionar smolt i året, får Vestavind opplyst. Fjon Bruk AS leverer også yngel til eitt anna settefiskanlegg i Alsaker-gruppa og eksterne kundar. Klekkeriet på Fjon har ein kapasitet på 52 millionar yngel i året.

– Med den utbygginga som blei gjennomført då Alsaker tok over, fekk me
svært stor kapasitet. Me var tidleg ute med å produsera stor smolt, og fekk dermed selja mykje, fortel Daae vidare.

Seinare har fleire store konkurrentar, som Bremnes Seashore, Grieg Seafood og Mowi investert i nye, store anlegg.

– Dermed er me på ein måte blitt litt akterutsegla, men Fjon Bruk AS er framleis eit
svært effektivt anlegg, seier Daae.

Utbyggingsplanar

Det er eit såkalla gjennomstrøymingsanlegg, og vasskjelda Vigdarvatnet er unik på Vestlandet, fortel driftsleiaren. Mellom anna har vatnet rett pH-verdi. Anlegget er blitt kontinuerleg oppgradert også etter 2013.

Dei var for eksempel blant dei første som tok i bruk eit heilautomatisk vaksineringsanlegg i 2018. Elektronisk styring og overvaking er tatt i bruk i stor grad. Det er bygt ny utskipingskai der brønnbåtane kan leggja til for å henta smolt, og så vidare.

Og det stoppar ikkje med dette.

– Me har planar om å utvida mot nord, der uteanlegget ligg i dag, fortel Daae.

Uteanlegget består av 96 kar med lokk over. Desse stammar frå 1980 og er nærast som eit museum å rekna i dag, seier Daae. Han håpar å erstatta desse kara med nybygg om ikkje altfor lenge.

– Planane er under utvikling, me driv og teiknar, men har ikkje kome så langt at prosjektet er klart for byggemelding, seier han.

Auka driftsutgifter

Fjon Bruk AS sysselset 20 årsverk. Av desse er 14 fast tilsette og resten ekstrahjelp og vikarar. Under feiringa på Fjon fredag var sjølvsagt alle desse involverte.

Blant dei 100 gjestene som var inviterte, var også tidlegare tilsette, lokalpolitikarar, kundar, leverandørar, naboar og andre som har eller har hatt tilknyting til verksemda. Endå fleire var inviterte til jubileumsmiddagen på Stord fredag kveld.

På Fjon fekk alle gjestene omvising på anlegget og blei informerte om mange detaljar om produksjonen. Dei fekk også vita om ulike utfordringar i produksjonen, slik som kostnadsauken.

Prisen på rogn til klekkeriet er for eksempel tidobla på ti år. Fôrkostnadene har stige mykje dei siste åra, og ikkje minst prisen på elektrisk kraft. Mykje straum går med mellom anna for å oppnå rett temperatur, til drift av reinseanlegg osv. Då straumprisane var på det høgaste sist vinter, var straumrekningane oppe i over tre millionar kroner i månaden.

I samband med jubileumsmiddagen fredag kveld, vart det kjent at Fjon Bruk gir ein million kroner i jubileumsgåve til ålmennyttige tiltak langs Vigdarvatnet. Disponeringa av midlane vil skje i samarbeid med Vigdar Grunneigarlag.

Powered by Labrador CMS