nyhende

Plakettmotakarane frå Sunnhordland. Frå venstre Irmelin Havn, Øvrebygda 4H , Maryon Victoria Leirvik, Lid 4H og Camilla Vik, Øvrebygda 4H. Framme Øystein Hetlesæter, Rommetveit 4H.
Plakettmotakarane frå Sunnhordland. Frå venstre Irmelin Havn, Øvrebygda 4H , Maryon Victoria Leirvik, Lid 4H og Camilla Vik, Øvrebygda 4H. Framme Øystein Hetlesæter, Rommetveit 4H.

Feira 4H-ungdom frå heile fylket

Laurdag fekk 43 4H-medlemmer frå fylket plakett under plakettfesten på Os. Ei av desse er Maryon Victoria Leirvik frå Lid 4H.

Publisert Sist oppdatert

Plaketten er det synlege beviset på at eit 4H-medlem er ferdig med 4H-programmet. Han eller ho har då gjennomført minst 7 år i 4H-klubben sin, og levert godkjent prosjekt kvart år.

Det var 4H Hordaland som inviterte til fest på Kløvertun, og mange hadde med seg familie og vener på festen.

På programmet stod bildeframsyning og informasjon om 4H Gambia med Janniche Næss Bergås,  allsong, middag, kaffi og kaker, talar av plakettmottakar Ilona-Marie Batta Bjørnstad og hennar mor Guri-Kristina Batta Bjørnstad, frå Gløgg 4H i Ulvik, og forelder Marsha Helene Faulk frå Skulestad 4H på Voss.

Fylkesstyreleiar Sofie Ljones og organisasjonsrådgjevar i 4H Hordaland Turid Sandstad Herland sto for den høgtidlege utdelinga av plakettar og 4H-vitnemål.

Powered by Labrador CMS