nyhende
Fazer kallar tilbake smoothie
Fazer kallar tilbake Froosh «Strawberry, Banana & Guava»-smoothiar på grunn av unormalt høgt innhald av patulin.
Patulin er eit mugg-giftstoff i ein av ingrediensane i råvarene som blir brukte i produktet med smaken «Strawberry, Banana & Guava».
I høge konsentrasjonar og ved langvarig bruk er patulin skadeleg for helsa, skriv Fazer i ei pressemelding.
Produsenten har informert forhandlarar om tilbakekallinga, og dei vil omgåande fjerne dei ramma produktpartia. Tilbakekallinga gjeld ikkje andre produkt eller parti.
– Det er svært viktig for Fazer at forbrukarane kan stole på den høge kvaliteten og tryggleiken til produkta våre. Vi beklagar eventuelle ulemper forårsaka av tilbakekallinga og kompenserer alle som har kjøpt produktet frå desse partia, skriv selskapet.
Produktet blir trekt i einingane som inneheld 150 ml, 250 ml og 750 ml av smoothien.