nyhende
FAU meiner at kommunen bør kjøpe hytte ved Vikse skule
FAU ved Vikse skule meiner Sveio kommune burde kjøpe eigedomen kor det ligg ei lita hytte ved skulen. Men kommunen seier nei.
Foreldra sitt arbeidsutval (FAU) ved Vikse skule bad nyleg Sveio kommune kjøpe naboeigedomen til skulen, Gullvegen 209, som no ligg ute for sal.
Betre uteområde
På tomta står det ei lita og eldre hytte. Det er ikkje den, men den 2,2 mål store tomta FAU meiner bør vere interessant for kommunen. FAU meiner at det vil gi mogelegheiter for skulen med tanke på uteområde for elevane.
— Det er få om enn ingen mogelegheiter for ekspansjon i andre retningar for Vikse skule og omkringliggande areal, peikar dei på i eit brev til kommunen. FAU meiner at parkeringsplassen ved skolen kunne blitt flytta til hytte-eigedomen, og meiner det vil gi betre trafikkregulering og trafikksikkerheit på staden.
— Ikkje aktuelt
Det er DNB Eiendom som har salsoppdraget, og prisantydinga er sett til 890.000 kroner.
Eigedomsmeklar Tone Tjessheim Mannes opplyser til Vestavind at eigedomen har ligge ute sidan tidleg i haust. Trafikken har vore gode på annonsen, og det har vore eit par interessantar utan at det har kome inn bod så langt.
Også ho tenkjer at det burde vere naturleg for kommunen å slå til, då det er ein relativt rimeleg eigedom som ligg så tett på skulen.
Rådmann Ingunn Toft opplyser i eit svarbrev at kjøp er vurdert både administrativt og politisk, og at kjøp ikkje er aktuelt. Kvifor kommunen har landa på dette, seies det ingenting om i brevet.