nyhende
Fattigdomen tar ikkje pause for Mímir
Du har sikkert høyrt den fargerike Raudt-politikaren snakke om fattige og trygda som gruar seg til jul, men Mímir Kristjánsson meiner dette ei utfordring som eksisterer året rundt. No vil han kjempe mot dei han kallar «fattigdomsfornektarane».
Den profilerte stortingspolitikaren er ein gjengangar i media når fattigdom og trygd skal diskuterast og har gjort det til ei kampsak å løfte fram dei fattige i samfunnet. Men han er forundra over at vi ikkje har dette høgare oppe på agendaen heile året.
– Dei 100.000 husstandane som årleg ber om mathjelp er fattige året rundt. Eg meiner vi slit med å erkjenne fattigdomsproblemet og at vi har ei stor gruppe fattigdomsfornektarar på same måte som vi har klimafornektarar, seier Raudt-politikaren til Nynorsk pressekontor.
– Står ikkje i matkø for moro skuld
Mímir meiner det må bli slutt på å mistenkjeleggjere dei mange som no stiller seg i matkø og erkjenne at folk ikkje står der for moro skuld.
– Når eg skriv og snakkar om matkøar og veksande fattigdom, møter eg ofte folk som meiner eg overdriv eller diktar opp problema. Men tala på at eg snakkar sant er dessverre tydelege. I ei undersøking utført av forskingsinstituttet Sifo går det fram at 150.000 husstandar er ille ute økonomisk. I den same undersøkinga blir også 12 prosent av hushalda definerte som «mat-usikre». Det betyr i klarspråk at dei ikkje har pengar til alle måltida dei treng, seier han.
Politikaren har ikkje noko eintydig svar på kvifor så mange ikkje vil ta innover seg at vi har fattigdom her i landet.
– Kanskje har vi levd på ein sosialdemokratisk løgn om at fattigdom er noko som høyrer fortida eller utlandet til, men eg er ikkje i tvil om at dette er eit problem vi slit med her og no.
Mamma er trygda
Det er nok ikkje tilfeldig at Mímir Kristjánsson er opptatt av dei som går på trygd. Han vaks sjølv opp med foreldre som hadde god økonomi, men det heile endra seg då mor hans fekk kreft og enda opp med å bli uføretrygda. I 2019 skreiv han boka, «Mamma er trygda» der han gav eit personleg innblikk i korleis det er å vere ein av dei over 300.000 menneska som er uføretrygda i Noreg.
– Eg tilhøyrer dei som meiner at det ikkje er noko problem at vi har så mange trygda her i landet. Det er prisen vi må betale for at vi har så mange som deltar i arbeidslivet og som blir utslitne og sjuke av å ha tøffe, og ofte dårleg betalte jobbar, seier han.
Han meiner det heldigvis er blitt fleire som torer å snakke om det å vere fattig i Noreg i dag.
– Før var det ofte slik at media kontakta meg når dei skulle ha tak i nokon som kunne snakke om fattigdom, men no er det fleire som snakkar ope om det og det set eg veldig pris på. Dette er ei mangfaldig gruppe som vi trenger å høyre meir frå.
Som austeuropeisk turn
Mange hadde nok sett føre seg den fritalande Mímir Kristjánsson i rolla som partileiar då Bjørnar Moxnes måtte trekkje seg etter solbrille-skandalen i sommar, men det er mange grunnar til at det aldri var aktuelt.
– Det var klart heilt frå byrjinga at det var Marie Sneve Martinussen som skulle ta over her, og det hadde uansett ikkje kunna blitt meg. Eg har gjort altfor mange feil til at eg hadde overlevd i ei slik stilling, seier Mímir.
Han har aldri lagt skjul på at han alltid har vore glad i å ta seg ein fest og framleis likar denne delen av livet.
– Det er sjølvsagt riktig at politikarar må gå av etter å ha gjort feil og spesielt om dei har utnytta stillinga og den makta dei har for eiga økonomisk vinning. Men når journalistane no går gjennom gamle eksamensoppgåver frå 15 år tilbake i tid byrjar det å bli litt vel mykje. Eg fryktar at vi no vil få berre broilerar inn i politikken. Det blir litt slik med politikken som det var med austeuropeisk turn. Du må få dei inn i femårsalderen før dei rekk å gjere noko gale!
Sjølv treng ikkje rogalendingen vere redd for at nokon skal gå gjennom gamle masteroppgåver. Han avslutta nemleg utdanningsløpet etter vidaregåande skule og lever godt med det valet.
Byr på seg sjølv
Det er ikkje berre i saker som gjeld trygd og fattigdom at Kristjánsson stiller opp i media. Han er ikkje tung å be uansett kva det handlar om og er ikkje redd for å «bjuda på». Då NRK Dagsrevyen ville lage ei sak om solkrem var han rask med å stille seg til disposisjon i bar overkropp utanfor Stortinget. Han var også nyleg på Dagsnytt 18 der han gladeleg kunne fortelje at når han har kleda på seg så kler han seg ofte som ein «dass».
– Eg trur eigentleg ikkje at eg er så veldig open som det folk vil ha det til, men eg skil meg kanskje litt ut som politikar fordi eg ikkje er så redd for å vere med på ting utan at eg førebur meg med masse talepunkt og tek meg sjølv så alvorleg. Og når det skal handle om solkrem så er det jo naturleg å vise litt hud, seier han.
Likar møta med vanlege folk
Bar overkropp er også naturleg når han støttar opp om favorittlaget sitt Viking. Han nølar ikkje med å gi oss eit privat bilete frå fotballkamp, der han på folkeleg vis har kasta skjorta og gir alt for favorittlaget. Han trur elles at det er viktig, og ikkje minst morosamt, for politikarar å ha slike interesser utanfor politikken.
– Gjennom fotballen møter eg vanlege menneske, og det er fint å ha stader der vi ikkje er opptekne av politikk, men dyrkar lidenskapen til fotballen enten vi tilhøyrer Framstegspartiet eller Raudt.
Det såg lenge ut til at laget hans, Viking, skulle nå heile vegen til topps i eliteserien denne hausten, men på tampen av sesongen kom motgangen og laget enda til slutt på ein skuffande fjerdeplass. Nedturen for laget starta samtidig med at Kristjánsson hadde ein alkoholfri periode.
– Supportergjengen har hatt mykje moro med det, og dei håpar det blir lenge til eg skal ha ein kvit månad igjen, ler han.