nyhende

Farten Valen-statuen er fjerna og kjem ikkje attende til Sveio sentrum.
Farten Valen-statuen er fjerna og kjem ikkje attende til Sveio sentrum.

Fartein Valen har starta på heimvegen

I påvente av nytt hovud og flytting til Valenheimen, står no statuen av Fartein Valen trygt på eit lager. Målet er at statuen skal opp igjen på ny sommaren 2021.

Publisert Sist oppdatert

Det har vore ein lang prosess for å koma så langt. Fartein Valen-statuen vart sett opp på Sveiotorget i 2016 som ei gåve frå Fartein Valen-stiftelsen, kunstnar Odin Øistad og Haugesund Sparebank. I mai 2017 blei statuen vandalisert, og den har stått utan hovud sidan då. Kunstnaren meinte at statuen ikkje kunne reparerast og at det måtte lagast ein ny.

Forsikringsselskapet KLP meinte det motsette, og ville ikkje betala ut meir enn ca. 400.000 kroner. Å laga ein ny statue ville kosta om lag million meir enn det KLP utbetalte.

– Det er Sveio kommune som eig statuen, og som eigar kunne me ha reparert den. Men det er kunstnaren sitt åndsverk, og han kunne nekta oss å setja opp statuen igjen. Det er ingen kjent rettspraksis på dette, og kommunen fann det ikkje rett å vurdera og bruka pengar på ei eventuell rettssak, seier rådmann Jostein Førre.

Flyttar til Valevåg neste sommar

Løysinga kom då Fartein Valen-stiftelsen og kunstnaren la fram eit nytt forslag: Hovudet på statuen blir erstatta med eit nytt hovud i eit anna materiale. Denne jobben er kunstnaren i gang med, og målet er at statuen skal vera ferdig på forsommaren neste år.

– Det er mange som har reagert på at statuen har stått så lenge i sentrum utan hovud. No er den flytta til eit lager der den står trygt til den «nye» Fartein Valen kjem heim under Fartein Valen-festivalen neste sommar, seier rådmannen.

Det gamle hovudet blir også flytta til Valevåg. Det skal plasserast inne på kulturscena.

Powered by Labrador CMS