nyhende

Fartein Valen-festivalen slår seg saman med PODIUM og skal halde meir enn 23 konsertar og meir i Sveio, Haugesund og Karmøy.
Fartein Valen-festivalen slår seg saman med PODIUM og skal halde meir enn 23 konsertar og meir i Sveio, Haugesund og Karmøy.

Fartein Valen-festival vert del av noko større

Fartein Valen-festivalen slår seg saman med ein annan festival og lovar meir enn 20 konsertar i Sveio, Haugesund og Karmøy. Arrangørane freistar med alt frå barneoperamusikal til «vågale nye tolkingar av klassisk repertoar».

Publisert Sist oppdatert

Den årlege hendinga nord i kommunen vert i år del av ein større feiring av musikk. Fartein Valen-Festivalen har slått seg saman med PODIUMsfestivalen, og saman har dei fått det nye namnet «PODIUM – Fartein Valen internasjonale musikkfest».

Seks arrangement i Sveio

I pressemeldinga fortel dei to kunstneriske leiarane Mathias Halvorsen og Nikolai Matthews at dei skal presentera ny og gamal musikk av både kjende og ukjende komponistar, men med eit fokus på Fartein Valen og andre komponistar dei meiner stod i mot konformitet.

Blant dei totalt 23 konsertane, musikermøta, galla og meir, finn seks av dei stad i Sveio kommune, fordelt mellom Valestrand og Sveio. Festivalen byrjar 14. juni i Haugesund og tek slutt den 23. juni med konsert i Valenheimen og galla i Haugesund på kvelden.

Desse konsertane og hendingane vert haldne i Sveio:

Harald Hårfagre i Valestrand Kulturkyrkje 15. juni
Erich Wolfgang Korngold: Fiolinsonate, op. 6 med Mathieu van Bellen og  Mathias Halvorsen,

Pierre-Dominique Ponnelle: Strykekvartett nr. 2 (arr. Ponnelle) med Harald Hårfagre Kammerorkester, leia av Pierre-Dominique Ponelle.

Joanna Senfter: Dobbelkonsert for to fioliner og strykere med DUO ASAP og Harald Hårfagre Kammerorkester.

Måken Manfred på Vigdartun 16. juni
Barneoperamusikal, skriven og framført av Nikolai Matthews, Magnus Boye Hansen og Mathias Halvorsen. Eignar seg for born.

Intimkonsert på Vigdartun 16. juni
Kaija Saariaho: Cloud Trio med Brage Sæbø, Nora Romanoff-Schwartzberg og Ulrikke Henninen.

Fartein Valen: Fiolinsonate op. 3 med Brage Sæbø og Mathias Halvorsen.

Franz Schubert: Pianokvintett «Ørreten» med Mathieu van Bellen, Nora Romanoff-Schwartzberg, Ulrikke Henninen, Nikolai Matthews og Mathias Halvorsen

Boyes Cafeorkester i Valeheimen 22. juni
Sergei Prokofiev: Symfoni nr. 1 «den klassiske», Fartein Valen: Fiolinkonsert og Richard Strauss: Till Eulenspiegels lustige Streife med Magnus Boye Hansen og Boyes Cafeorkester. Konferansier: Fartein Valen-Sendstad

Festivalgudsteneste i Valestrand Kulturkyrkje 23. juni
Tradisjonen tru og i ekte Fartein Valensk ånd, blir det invitert til festivalgudsteneste søndag 23. juni. Sokneprest Arild Steinsland er liturg, mens Fartein Valen-Sendstad preikar.  Og rett som det er bidrar festivalmusikarane Thomas Torsrup, Ben Kim og Alie Hamberg med musikalske innslag av både komponert og improvisert art.

Kyrkjekaffi og minikonsert i Valenheimen 23. juni
Fartein Valen-Sendstad koserer og deler frå Fartein Valen sine brev, mens pianistane Thomas Torsrup og Ben Kim boltrar seg på tvers av sjangre. På menyen står både improvisasjonar og musikk av Frederic Chopin og Fartein Valen.

Powered by Labrador CMS