nyhende

Fargerik undergang har blitt ein liten attraksjon på Ekrene

Ein vanleg, grå undergang har blitt ein fargerik og oppsiktsvekkande portal. Snurre Sprett, Scooby Doo og positive ord muntrar opp forbipasserande.

Publisert Sist oppdatert

Både bedrifter og privatpersonar har gitt pengebidrag for å få dekka undergangen med graffiti.

Artwork by Leif, alias Leif Stian Nes, busett i Førresfjorden har stått for utforminga og har dermed hatt det kreative ansvaret. Sist helg blei undergangen blitt heilt ferdig på begge sider. Kunstnaren har måtta venta på godt graffiti-vêr, derfor har prosjektet strekt seg over lengre tid enn det som var venta.

– Når det regnar blir veggane i undergangen våte, då kan eg ikkje spraya. Derfor har eg måtta venta på opphaldsvêr, seier småbarnsfaren. Han veit at mange alt set pris på kunstverka.

Mykje respons

– Medan eg har halde på, har eg fått mykje respons av folk som har gått forbi, og på sosiale medium i ettertid, seier Nes, som synest det var eit kjekt oppdrag.

Han har brukt mange fargar og fargekombinasjonar for å få fram alle motiv i den mørke undergangen.

Mannen med sprayboksane, Leif Stian Nes har tatt selfie med Shaggy og Scooby Doo.

– Eg har heile tida tenkt på at dette er ein skuleveg for ungar, så motiva skulle vera noko for barn, men ikkje for barnsleg. Eg lagde nokrefigurar som er kjende, Ekrene i graffiti-skrift med inspirerande tags i bakgrunnen. Eg laga også eit «viva la Ekrene» hjerte i tattoostil for å fremja kjærleiken for Ekrene til dei som bur der, forklarar Nes.

Samla inn pengar

Espira Solkroken er ein av to barnehagar på Ekrene som nyttar området til turgåing. Dei har også bidratt til spleisen, som blei sett i sving av Evelyn Reiersen, busett i området. På få dagar blei heile summen, 12 000 kroner samla inn.

Dei yngste ungane som går i Solkroken, som ligg ved bustadfeltet Gjeringstjørn, måtte stoppa opp i undergangen då dei skulle sjå om hestane på Ekrene for nokre veker sidan. Nokre synst det var blitt så fint og spennande, at ikkje alle ville fortsetta med turen.

Ut av vogna

– Eitt av barna måtte ut av vogna både på fram- og tilbaketur. Det var spesielt Snurre Sprett som fall i smak, fortel Ruth Vihovde, styrar i Solkroken.

Dei i næringslivet som har støtta spleisen er T. Halleland, Best Ekrene Pizza & Hamburger, Sveen Asfalt, Espira Solkroken barnehage og Nilsen Scheel (Karmsund). Vestland fylkeskommune godkjene tiltaket på førehand, og har også bidratt.

Barn frå Solkroken studerer måleria.
Powered by Labrador CMS