VESTAVIND/NPK-NTB: Fredag har det gått kraftige regnbøyer over Sveio og nærområda, og kommuen er ein del av farevarselet for flaum på Vestlandet torsdag og fredag er auka frå gult til oransje nivå og gjeld fleire område.
Det er fare for omfattande flaum, erosjonsskadar og flaumskadar på utsette stader, skriv NVE på si varslingsside Varsom.no. Flaumfaren kan også føre til stengde vegar og bruer.
Vassføringa er venta å auke i både små og store bekker og elvar torsdag og fredag på grunn av vedvarande mykje nedbør. Dei mest utsette områda er midtre og indre strøk.
Det er uvisse om både mengd nedbør og kor mykje som kjem som snø eller regn i høgfjellet, skriv NVE.
Ifølgje yr.no blir det lite nedbør i Sveio resten av dagen, men fredag blir det meir regn – og sannsynlegvis og lyn- og torevêr.
– Hald deg oppdatert om situasjonen. Sikre og flytt verdiar bort frå utsette område, til dømes i kjellarar, og bilar, campingvogner og liknande langs elvar og bekker. Rens stikkrenner, kummar og andre vassvegar for jord og grus, kvist og lauv, slik at vatnet kan renne uhindra der det vanlegvis renn. Hald deg unna elvar og bekker med stor vassføring, skriv NVE i sitt råd til befolkninga.