nyhende
Fare for storstreik frå søndag
Fredag møtest YS, LO og NHO hos riksmeklaren i eit siste forsøk på å lande lønnsoppgjeret. Det blir truleg tøft. Over 200.000 arbeidstakarar truar med streik.
Til saman står oppunder 25.000 medlemmer i LO og YS klare til å leggje ned arbeidet frå søndag morgon, viss partane ikkje blir samde om storleiken på lønnsoppgjeret. Det kviler eit stort ansvar på dei. Ramma i frontfaget er normgivande for dei andre lønnsoppgjera som kjem på løpande band utover våren.
Kort fortalt: Den lønnsauken industrien toler, blir omtrent den dei andre gruppene i det organiserte arbeidslivet kan vente seg.
Både YS og LO krev å sikre arbeidstakaranes del av verdiskapinga og auka kjøpekraft. Etter fleire år med reallønnsnedgang, må det takast grep for at arbeidstakarane ikkje skal sakke endå lenger etter prisutviklinga, krev dei.
— Vi står fast på kravet om auka kjøpekraft når vi no går inn i mekling med NHO. Mange av medlemsgruppene våre har hatt ein stor nedgang i reallønna dei siste åra. Dette kan ikkje halde fram, sa YS-leiar Hans-Erik Skjæggerud då han varsla YS» uttak i første runde.
Meklinga startar klokka 10 fredag. Partane har fram til midnatt natt til søndag på seg på å bli samde.
Står på krava
YS har totalt varsla plassoppseiing for vel 16.300 medlemmer, medan LO har gjort det same for 185.000 av sine. Ein eventuell streik kjem til å ramme hardt, breitt og over heile landet, varsla dei to hovudorganisasjonane då dei kom med dei første streikeuttaka sine tysdag.
— Norske arbeidstakarar har teke ansvar gjennom fleire utfordrande år for norsk arbeidsliv, med pandemi og høg prisvekst. No ser vi at mange bedrifter går veldig godt og overskota er høge. Målet vårt er å jamne ut forskjellar mellom folk og sikre at norske arbeidstakarar får sin del av verdiskapinga, sa LO-leiar Peggy Hessen Følsvik.
Ein eventuell konflikt blir seinast sett i verk klokka 6 søndag morgon – viss då ikkje partane vel å halde fram meklinga på overtid. Dei seinare åra har det vore regelen, snarare enn unntaket, at meklingar held fram i timevis etter at fristen er utgått.
Siktar over 5 prosent
Årets oppgjer er eit mellomoppgjer, det vil seie at det berre blir forhandla om lønn. Det har ikkje vore streik i eit mellomoppgjer etter krigen.
Men årets oppgjer skjer i ei spesiell tid: Prisveksten har vore rekordhøg, og lønningane har ikkje klart å halde tritt. Frå 2015 til 2023 har reallønna samla sett berre auka med 0,4 prosent, ifølgje SSB. Ikkje sidan 1980-talet har nordmenn hatt ei like svak lønnsutvikling.
På toppen av dette bomma dei fleste grovt på kor høg prisveksten kom til å bli i fjor då hovudoppgjeret gjekk av stabelen for eit år sidan. Det resulterte i reallønnsnedgang for store yrkesgrupper, mellom anna i offentleg sektor.
I år er det ikkje aktuelt å krevje kompensasjon for det svake oppgjeret i fjor, men det er ei utbreidd forventning om eit oppgjer i år som sikrar auka kjøpekraft. Det betyr at lønnsveksten må overstige prisveksten, som no blir anslått til 4,9 prosent for året samla sett.
Næringar slit
Det skulle bety ei ramme eit godt stykke opp på 5-talet, men ifølgje NHO er det ikkje så enkelt. Det er dei bedriftene som har svakast lønnsevne – altså der lønn til tilsette utgjer ein uvanleg stor del av kostnadene – som må bli tonegivande for kor romsleg oppgjeret blir, ifølgje NHOs representantskap.
– Det kjem nok til å bli veldig krevjande i år, fordi det er så ulike føresetnader hos medlemsbedriftene våre. Nokon klarer seg bra, medan andre melder om svært usikre framtidsutsikter. Representantskapet er veldig tydeleg på at vi må vere solidarisk med dei som har det vanskelegast i lønnsoppgjeret, sa NHO-sjef Ole Erik Almlid til NTB då representantskapet vedtok tariffpolitisk standpunkt i mars.
Blant «næringane som slit» er reiseliv, service og handel, bygg og anlegg, og dessutan mat og drikke – store næringar som er viktig for NHO, understrekar Almlid.