nyhende

Geologien ved Ryvarden er noko som ligg til grunn for at Geopark Sunnhordland ser ut til å få Unesco-status.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Geologien ved Ryvarden er noko som ligg til grunn for at Geopark Sunnhordland ser ut til å få Unesco-status.

Får truleg Unesco-satus – men Sveio har sagt nei til driftstilskot

Ryvarden og Einstadbøvoll gard i Valevåg er to av lokalitetane som grunna geologi ser ut til å oppnå ettertrakta Unesco-status. Dette kan gi lokalt reiseliv eit stort løft, men politikarane i Sveio har sagt nei til å bidra økonomisk. No er ordføraren open for å sjå på saka på nytt.

Publisert Sist oppdatert

Fakta / Geopark

• Ein UNESCO Global Geopark er eit definert område med lokalitetar og landskap av internasjonal geologisk verdi.

• Ein geopark skal springa ut frå eit regional initiativ og skal styrka samarbeidet for ei berekraftig utvikling i reiseliv basert på naturarven, den skal auke omsynet til særs verdfulle lokalitetar samt styrke undervisning om geoarven i området.

• UNESCO Globale Geoparkar kan ikkje overprøve lokale, regionale eller nasjonale mynde eller planverk.

• I dag finst det 169 UNESCO Global Geoparks i verda, 3 av desse i Noreg. Geopark Sunnhordland har no søkt om å bli den fjerde her til lands.

• UNESCO Global Geoparks er tufta på FN’s Agenda 2030.

• UNESCO er FNs organisasjon for utdanning, vitenskap, kultur og kommunikasjon (United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization).

Kjelde: geoparksunnhordland.no

I fleire år har regionrådet, Samarbeidsrådet for Sunnhordland, arbeidd for at Sunnhordland Geopark skal bli kvalifisert for Unesco Global Geopark-nettverket. Ambisjonen har kort forklart vore å etablere eit fyrtårn i reiselivssatsinga i regionen.

Søknaden vart sendt i november i fjor. Sist torsdag var det møte i den internasjonale juryen som nominerer nye kandidatar til Unesco-status. Dagleg leiar Brynjar Stautland i Sunnhordland Geopark følgde møtet direkte på nett. Ifølgje Stautland gjekk diskusjonane høgt og lågt om fleire av prosjekta. Men då Sunnhordland Geopark sin søknad gjekk det raskt.

— Dei brukte berre ni minuttar på nominere oss, fortel han.

Mykje tyder dermed på at Sunnhordland Geopark blir ein del av nettverket når Unesco gjer sitt endelege vedtak i april neste år.

Reiselivssatsing

Det er venta at ein som ein del av Unesco Global Geopark-nettverket vil kunne legge godt til rette for å få til ei auka reiselivssatsing i heile regionen.

— Sunnhordland ligg i dag litt i skuggen av Hardanger, Haugalandet og Bergens-regionen når det kjem til reiseliv, seier Stautland.

Han kjenner seg trygg på at eit Unesco-stempel vil vere viktig for å etablere meir reiseliv i regionen.

— Unesco er verdas mest anerkjende kvalitetsmerke innan reiseliv, poengterer han.

Sunnhordland Geopark har samarbeidd med Institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen, Noregs Geologiske Undersøkelser og Universitetsmuseet i Bergen i arbeidet med søknaden sin. Representantar frå Unesco var i Sunnhordland i august i år.

Ryvarden i Sveio er saman med Bømlo mellom  dei sentrale geologiske områda.

— Området skil seg ut, mellom anna fordi Ryvarden ligg på er ein milliard år eldre bergrygg enn  søre det som Bømlo med Langevåg-området ligg på, fortel Stautland.

Også Einstadbøvoll Gard i Valevåg er trekt fram som ein lokalitet i prosjektet. Dette grunngjeve med at garden frå 1816, som er bygd etter barokke prinsipp for symmetri, har tak, murar og steingardar bygd av lokal skifer.

Einstadbøvoll gard ved Valevåg.ARKIVFOTO

Som dagleg leiar skal Brynjar Stautland i tida som kjem i samarbeid med reiselivsaktørar finne ut av korleis ein kan bruke ein Unesco-status til å auke merksemda kring reisemål i Sunnhordland.

— Geoparken skal ikkje vere drive reiseliv i konkurranse med andre aktørar, men vil kunne vere ein tilretteleggjar, og bidra med kunnskap til dei som ønskjer å etablere reiselivsaktivitetar, forklarer han.

Han understrekar at berekraft er eit viktig prinsipp. Det handlar om at auka turisme skal gå føre seg i dialog med dei som bur i område, og på eit vis som tener lokalbefolkninga.

Han trekker mellom anna fram Vega-øyene på Helgeland.

—I 2005 hadde dei 5.000 besøkande. I 2019 var talet oppe i 60-70.000. Dei har gitt uttrykk for at utan Unesco-statusen hadde dei ikkje hadde mogelegheit til å drive hotell, rorbuer og anna som er på plass i dag, seir han.

Stautland viser elles til at for dei fleste Unesco-baserte reiselivssatsingar, vis rekneskapen at for kvar krone som leggast inn i reiselivsprosjekt knytt til Unesco-status, så kjem det seks kroner ut.

Ordføraren open for ny diskusjon

Dagleg leiar Brynjar Stautland i Sunnhordland Geopark AS håpar no at Sveio og Etne, som er dei einaste kommunane som har sagt nei til å bidra med driftsstøtte til Unesco-prosjektet, vil snu i spørsmålet om driftsstøtte.

Linn Therese Erve (Ap) er ordførar i Sveio.

Ordførar Linn Therese Erve (Ap) synes det er gledeleg at Sunnhordland Geopark ser ut til få Unesco-status. Ho meiner ein eventuell Unesco-status bør vere grunnlag for å sjå på sala på nytt.

— Det er ikkje noko me har diskutert politisk. Men eg tenkjer at når Unesco-statusen no ser ut til å kome, og mellom anna Ryvarden er ein del av kjernen i dette, så må me sjå på søknaden på nytt, seier Sveio-ordførar Linn Therese Erve (Ap) til Vestavind.

Sist veke hadde Samarbeidsrådet for Sunnhordland møte på nettopp Ryvarden, og Brynjar Stautland presenterte nyhenda om nominasjonen der.

«Store økonomsike utfordringar»

Det var i fjor at eit samrøysta kommunestyre i Sveio nei til å vere med på drifta av Sunnhordland Geopark. Det var i tråd med rådmannen si innstilling.

I søknadane som gjekk til dei åtte kommunane som er ein del av Samarbeidsrådet for Sunnhordland i fjor, går det fram at det ville ha kosta 75.700 kronar årleg for Sveio å vere med. Halvparten av beløpet er målt ut frå innbyggartal.

I rådmannen si grunngjeving for å seie nei, vart det vist til venta trongare økonomi framover, og at Sveio bruker forholdsvis stor midlar på reiseliv allereie.

«Om Sveio kommune sluttar seg til ønskje om driftsmidlar til Geopark Sunnhordland binder vi oss for fleire år framover. Sveio kommune står føre store økonomiske utfordringar i åra som kjem. Ein ser at det er eit stadig aukande press for å få midlar til ulike formål så vi må prioritere kva vi skal satse på. I dag er Sveio kommune medlem av Visit Sunnhordland (Samarbeidsrådet) og Destinasjon Haugesund og Haugalandet. Vi betalar totalt i overkant 200.000 for desse to. Med dagens folketal vil Geoparken koste Sveio kommune 75 700 kroner årleg om den aktuelle fordelingsnøkkel blir vald. Erfaring syner at det beløpet fort kan bli høgare» heiter det i vedtaket.

Powered by Labrador CMS