nyhende

Dronefoto Sveio kyrkje sentrum fjellstad19. april 2021
Sveio kyrkje.

Får truleg hjelp til å kunne varme opp kyrkjene til jul

Sveio kyrkjelege fellesråd er blant dei som no ser store utfordringar med den høge straumprisen. No ser det ut til at staten vil hjelpe med rekninga for advents- og julehøgtida.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB/Vestavind: Kyrkjene i Sveio er knytt til Sveio kommune sin innkjøpsavtale for straum, og betalar kun kr. 30,50 for halvparten av straumforbruket sitt ut dette året. Like fullt er auken i totale kostnader betydeleg for fellesrådet.
NPK-NTB/Vestavind: Kyrkjene i Sveio er knytt til Sveio kommune sin innkjøpsavtale for straum, og betalar kun kr. 30,50 for halvparten av straumforbruket sitt ut dette året. Like fullt er auken i totale kostnader betydeleg for fellesrådet.

Får ikkje refusjon

— Sokneråda er ikkje ein del av dei statlege refusjonsordningane og inndekning av desse kostnadane er noko som ma løysast i dialog med kommunen, slår kyrkjeverje Ottar Krakk fast i eit referat frå eit møte i Sveio kyrkjelege fellesråd.

Dersom utgiftene for resten av året blir på nivå med fjoråret vil fellesrådet få ein auke i straumutgifter omlag 50.000 kroner i år, samanlikna med 2021. Samanlikna med 2020 er utgiftene dobla.

— Slik situasjonen er nå finn eg det vanskeleg å forvente vesentleg lågare forbruk av straum i 2023 enn i år. Her kan eventuelt investeringsmidlar til varmepumper og liknande avhjelpe noko, men dette vil gjerne ikkje gi utslag før tidlegast eit stykke ut i 2023.

Det som uroar kyrkjeverja mest er endringa i innkjøpsavtalen, som blir gjeldande frå januar. Då blir prisen 127,41 øre for halvparten av forbruket.

— Det vil seie nærare ei krone meir per kilowatt timen enn prisen som gjeld for 2022. Med eit totalforbruk som i snitt for dei to siste åra utgjer 243.000 kilowattimerl vil ei slik prisauke utgjera vel 120.000 kroner for 2023 samanlikna med 2022. Dette gitt at marknadsprisen i snitt er tilsvarande som i 2022.

Kommunen er ansvarlege for kyrkjebygga, og fellesrådet ber kommunen kompensere ei auke i straumutgiftene med 170.000 kroner i 2023-budsjettet.

Kan få hjelp i julemånaden

Regjeringa vil hjelpe kyrkjene sør for Dovre og Sognefjorden får statleg hjelp til å halde kyrkjerommet varmte i julemånaden desember.

– Regjeringa er oppteken av å leggje til rette for å halde kyrkjer og kyrkjerom opne og tilgjengelege,  særleg i advents- og julehøgtida, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) i ei pressemelding.

Toppe seier til Vårt Land at ho lenge har vore uroleg for kyrkjene og straumprisane. Ho håpar SV vil støtte forslaget. SV er den føretrekte budsjettpartnaren til regjeringa.

Støtta er mellombels og gjeld for områda med høgast straumpris, det vil seie sokna sør for Dovre og Sognefjorden. Til saman er det 1.034 kyrkjer i desse områda, ifølgje regjeringa.

Pengane vil bli fordelte mellom dei kyrkjelege fellesråda ut frå talet på sokn, og kvart sokn kan få litt over 40.000 kroner.

Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum i Den norske kyrkja er glad for at regjeringa lovar straumstøtte til kyrkjene.

– Det er viktig at regjeringa foreslår dette, og eg håpar det bidreg til å halde kyrkjene opne. Auka straumprisar og inflasjon er ei stor utfordring for mange denne vinteren. Kyrkja kan vere ein del av løysinga og kan tilby fellesskap og aktivitetar for familiar, barn, unge og eldre i ulike livssituasjonar, seier ho.

Powered by Labrador CMS