nyhende

Meldte seg ut av Arbeidarpartiet:

Torgeir Tveit Katla er ein to kommunestyre-representantat i Sveio som har meldt seg ut av Ap.FOTO: ARKIV
Også Torgeir Tveit Katla har meldt seg ut av Arbeidarpartiet.

Får positive reaksjonar: — Folk forstår kvifor

Kommunestyrerepresentant Torgeir Katla har motteke positive reaksjonar etter han melde seg ut av Arbeiderpartiet, i protest mot bruk av tvungen lønsnemnd. — Me føle at regjeringa nærmast har motarbeida oss, seier Katla.

Publisert Sist oppdatert

Då Torgeir Katla (Uavhengig) melde seg ut av Arbeiderpartiet før helga var han førebudd på at det kunne kome reaksjonar.

Positive Ap-reaksjonar

Til Vestavind fortel han at dei for det meste har vore positive og støttande, sjølv frå Ap.

— Folk forstår kvifor. Frå den tidlegare partigruppa har me fått støtte og positive meldingar, seier Katla.

Han er lærar, og saman med Asle Georg Halleraker (uavhengig) valde dei å melde seg ut av partiet i protest.

— Dette med streik og streikerettigheiter skal jo stå høgt i Ap. Me føle jo at dei svikta og nærmast motarbeida oss, seier Katla.

— Ap eller ingenting

— Kva kjem du til å stemme ved valet i 2023?

— Nei, det har eg ikkje tenkt så mykje på, eg må nesten sjå korleis ting utviklar seg, seier han.

— Vurderer du å delta på ei eige Sveio-liste?

— Det ynskjer eg ikkje og har ingen tankar om å delta i noko sånt. For min del er det Ap eller ingenting, seier han.

Powered by Labrador CMS