nyhende

Frå Bremnes Seashore på Loddetå nord i Sveio. ARKIVFOTO: ELLEN MARIE HAGEVIK

Får over 10 millionar kroner frå Havbruksfondet

På vegne av Sveio KrF, Sveio Venstre og Sveio Høgre fortel Lars Einar Hollund frå sistnemnde parti, den glade bodskapen om at Sveio kommune vil få utbetalt over 10,6 millionar kroner frå Havbruksfondet i år.

Publisert Sist oppdatert

Om få dagar rullar det millionar av kroner inn på kontoane til havbrukskommunane. Dette er ei velfortent belønning for å leggja til rette for ein viktig næring i Noreg, nemleg havbruksnæringa. Sveio får sin bit av kaka, nøyaktig 10 663 254 kroner til fri bruk.

Jarle Jacobsen (KrF), Bernhard E. Nerland (V) og Lars Einar Hollund (H).

Dei siste åra har inntektene til havbrukskommunane vore svært variable. Med dagens ordning vil kommunane få stabile og forutsigbare inntekter, står det i ei pressemelding Vestavind har fått tilgang til.

Regjeringa etablerte i 2015 Havbruksfondet for at kommunar som legg til rette for at havbruksnæringa også får ta del i verdiskapinga.

Informasjonen om årets tildeling har først og fremst gått ut til regjeringspartia sine ordførarar og varaordførarar, og Høgre sine gruppeleiarar i kommunar der regjeringspartia Høgre, Kristeleg folkeparti og Venstre ikkje har representantar.

Powered by Labrador CMS