nyhende

Far Vadims og sonen Adrian Stepanovs kunne båe reisa heim til Sveio med hovudet høgt etter å ha sikra seg sølvmedalje i kvar si klasse under regionmeisterskapet i judo.

Far og son med medaljar i sitt første stemne

Me skal ikkje lenger attende enn til oktober 2025 før far Vadims og son Adrian Stepanovs byrja med judo. I helga deltok dei i sitt første stemne, og begge imponerte sterkt i konkurransane sine.

Publisert

– Det gjekk ganske greitt, oppsummerar Vadims enkelt etter stemnedebuten.

Far og son deltok i helga i regionmeisterskapet i judo i Sandnes, der begge representerte Stord Judoklubb. Vadims stilte i seniorklassen, medan Adrian deltok både i U13- og U15-klassen, sjølv om han berre er 11 år gammal.

Møtte svart belte

Vadims har sjølv gult belte, og fekk tøff motstand i sitt første stemne.

– Eg møtte to motstandarar som begge hadde svart belte, så eg synest det gjekk ganske bra, seier sveibuen Vadims.

Vadims Stepanovs (t.v.) på pallen etter å ha sikra seg sølv i sitt aller første judostemne.

I den første kampen gjekk han sigerrik ut etter ein flott «o soto gari». I den andre måtte han sjå seg slått etter ein jamn kamp som vart avgjort i overtid, eller golden score, som det heiter i judosporten. Dermed enda han med sølv rundt halsen.

Også sonen tok sølv

Samtidig lét Vadims seg imponera av sonen, som òg tok med seg sølvmedalje heim frå Sandnes.

I U13-klassen får alle utøvarane medalje, og det blir ikkje oppgjeve rangering. I U15-klassen vart det derimot delt ut medaljar til dei tre beste utøvarane, og der tok Adrian sølv.

– Eg har litt erfaring frå bryting, medan Adrian kjem frå fotballen. Eg trur nok han har eit talent og ein god styrke for alderen, seier Vadims.

Han fortel at sonen førebels har gult belte med éi stripe, og framleis er fersk i sporten.

Begynte saman

Det var Adrian som først ville prøva judo etter å ha drive med fotball, og dermed begynte far og son saman i oktober i fjor.

– Han hadde spela fotball før, men ville prøva noko nytt. Då begynte me saman. Det gjorde det litt lettare for han, seier Vadims.

44-åringen fortel at han sjølv først og fremst driv med judo som hobby, men at sonen kanskje kan ha endå meir å henta i sporten framover.

– For meg er dette mest for gleda si skuld. For Adrian kan det kanskje bli meir etter kvart. Men det viktigaste er at han trivst og har lyst sjølv, avsluttar den stolte faren.

Powered by Labrador CMS