nyhende
– Får ikkje tak i nok fagfolk
– Om eg hadde fått tak i gode fagfolk, kunne eg ha tilsett ti av dei på dagen, seier dagleg leiar Svein Erik Bjelland i Bjelland Elektro AS.
Den vesle installasjonsverksemda med base i Vågedalen har store problem med å skaffa seg nok fagfolk, og også lærlingar. Bjelland seier at situasjonen er den same for mange mindre elektroverksemder på Haugalandet og i Sunnhordland.
Næringslivet i regionen går så det susar. Dermed blir konkurransen om arbeidskrafta stor. Dei største utfordrarane er dei verksemdene som arbeidar offshore.
Offshore-konkurranse
– Alle som har slutta hos oss dei siste åra, har gått offshore. Der tilbyr dei eit lønsnivå som me ikkje kan konkurrera med, seier Bjelland vidare.
Eitt lyspunkt kunne han likevel notera seg tidlegare i haust. Etter bedriftspresentasjon på eit lunsjmøte i Sveio Næringsforum der Bjelland også snakka om rekrutteringsproblema, fekk han tips om ein ledig elektrikar som no er tilsett i firmaet.
Bjelland Elektro AS har i dag seks montørar og ein lærling i arbeid, pluss ei stilling på kontoret. I tillegg får dei av og til hjelp frå tidlegare tilsette som no jobbar offshore og dermed har lange friperiodar heime.
– Må seia nei kvar dag
– Me må seia nei til jobbar kvar dag, og kan ikkje leggja inn anbod på store jobbar som ville ha lagt beslag på alle folka våre i lange periodar. Då hadde me mista kontakten med dei faste kundane våre, seier Bjelland.
Han legg til det ofte blir mykje overtid, ikkje minst for han sjølv, for å rekka over mindre oppdrag hjå kundar som har brukt dette firmaet i årevis og som han gjerne vil yta god service overfor.
Ut frå talet på tilsette i dag, kunne Bjelland tenkt seg å ha to lærlingar. Dei har berre lukkast med å få tak i ein. Og han skulle gjerne også hatt jenter som lærlingar. Elektrofaget passar godt for jenter, meiner han.
– Lærer meir i små bedrifter
Ut frå dagens situasjon spør han seg om det er for få elevplassar på vg1 og vg2. Samstundes er han klar over at marknaden kan svinga og at det kan bli for få læreplassar totalt til dei som vil utdanna seg innan elektrofag.
– Elles er det slik at også mange som skal ut i lære, ofte føretrekkjer store bedrifter. Særleg dei som kan lokka med mogleg plass offshore, sjølv om dei færraste kjem så langt. Eg trur lærlingane oftast får den beste og mest allsidige opplæringa i små bedrifter, seier Bjelland.
For å underbyggja denne påstanden nemner han at alle dei tolv siste lærlingane som har vore i Bjelland Elektro, har fått «Bestått Mykje Godt» på fagprøven.
Usunn shopping
Jarle Jæger, som er dagleg leiar i Haugaland og Sunnhordland opplæringskontor for elfag, deler dette synspunktet.
– Lærebedriftene bør gjerne ikkje vera for store. I mindre bedrifter blir lærlingane oftast sett i større grad enn på store arbeidsplassar. Ofte får lærlingane også større variasjon i oppgåvene i dei mindre bedriftene. Men også dei store kan få dette til om dei tek lærlingane på alvor, seier Jæger.
Han nemnerdet han kallar usunn shopping på store utdannignsmesser. Dei store verksemdene har større reklameapparat som fangar ungdommane si merksemd.
Tar ansvar
Jæger rosar elles elektroverksemdene i Sunnhordland og Nord-Rogaland for at dei tek ansvar og er flinke til å tilby læreplassar. I år har 91 ny lærlingar i eletrofag fått læreplass i heile regionen, derav 29 i Sunnhordland.
I fjor var talet 77, og 35 i Sunnhordland. Jæger er optimistisk med tanke på framtida også, sjølv om det alltid vil vera usikre moment.
– Det er eit skjørt samfunn. Me ser at det er ein nedgang i byggeverksemda nokre stader. Det store aktivitetsnivået i vår region har også samanheng med skatteletten som verksemdene fekk i samband med covid-pandemien. Vil aktiviteten vera like stor når desse tiltaka er avvikla, seier han spørjande.