nyhende
Får fella fleire hjortedyr i Sveio i haust
Sveio kommune har vedteke å utvida fellingsløyvet på hjort for jaktåret 2022.
Etter innspel frå grunneigarar og registrert informasjon om utviklinga av hjortebestanden har Sveio kommune vedteke å nytta seg av ein såkalla 50-prosentregel. Dette inneber at minstearealet for jakt i Sveio, som er 750 dekar, no er halvert til 375 dekar visse stader.
I praksis tyder det at ein kan fella fleire dyr enn tidlegare på eit meir avgrensa geografisk område.
— Dette gjeld for dei valda med tett populasjon, i område der gardbrukarane har problem med reduserte avlingar på jordbruksareala sine grunna beiting av hjortedyr, skriv rådgjevar for landbruk, Dagfinn Bjørge, på Sveio kommune si nettside.
— Skal ikkje uthola regelverket
Bjørge presiserer at 50-prosentregelen berre skal nyttast i særskilde høve.
— Ein skal ikkje uthola dette regelverket for mykje, det vil seia at ein ikkje skal nytta denne regelen over år til dømes.
I føresegn om forvalting av hjortevilt, paragraf 7, vert det slege fast at kommunane i landet kan fråvika minstearealet for elg, hjort og rådyr med inntil 50 prosent. Vidare heiter det at «fråvik kan gjerast på bakgrunn av ulikskapar i levekåra til artane i kommunen, storleiken og utviklinga til populasjonen, den skade viltet forårsakar eller andre ekstraordinære tilhøve».
Vidare vert det understreka at fråvik frå minstearealet er eit einskildvedtak som vert gjort for særskilde vald og for eit avgrensa tidsrom.
Aukar med 32 dyr
For jaktåret 2021 vart det gjeve 291 fellingsløyve, medan det for 2022 er gjeve 323. Fellingsløyvet har med andre ord auka med 32 dyr.
I Sveio er det mange små vald eller område, men Bjørge meiner ei utviding av valda ville ha vore endå meir føremålstenleg.
— Det er eit ynske at ein hadde fått større vald. I storvald ville ein kanskje ha fått til ei meir målretta avskyting i einskilde område, og såleis kunne ein ha forvalta storviltet på ein betre måte.
Kommunen opplyser på heimesida si at jakta på hjort er frå 1. september til 23. desember, på vaksen rådyrbukk frå 10. august til 23. desember, og på rådyr frå 25. september til 23. desember.