nyhende
Får blome for edelt arbeid
Den andre sommarbuketten frå Vestavind hamna i vasen til sveibuen Reidun Johanne Haukås (76), som gjennom absolutt og autentisk nestekjærleik har sett tydeleg avtrykk i nærområdet rundt seg.
Me er komne til veke nummer to av «Sommarbuketten». Denne gongen ynskjer me å lyfta fram Reidun Johanne Haukås (76) og arbeidet ho legg ned for å gleda folk rundt seg.
Heilt sidan ho stifta familie på 60-talet, har ho vore aktiv i fleire lag og sameiningar. Tidlegare var ho mellom anna speidarleiar for jenter i Ryvarden Krets, kakebakar og dugnadsansvarleg i Førde skulekorps, aktiv under basarar og dugnader i Førde samfunnshus, og dessutan friviljug under sosiale tilstellingar på Sveio omsorgssenter.
Parallelt med dette har ho kombinert familieliv med trufast arbeidsinnsats på ein interiørbutikk i Haugesund, der ho har jobba i godt over 30 år.
— Høgdepunkt
For om lag ti år sidan pensjonerte ho seg, og ho nyttar dermed tilværet som pensjonist til hagearbeid og friviljug lokalinnsats.
Kvar tysdag arrangerer ho og veninna Hjørdis Kallevik ei rekkje aktivitetar i ein bufellesskap i Førde. Både lett mosjon, bingo, god mat, kaffi og drøs er sentrale stikkord for tysdagsprogrammet i bufellesskapen. Buarane set denne tilstellinga høgt på lista:
— Ei av dei som bur der, seier at dette er vekas høgdepunkt, og at ho gleder seg til kvar tysdag, seier Reidun Johanne smilande.
Kakebakar
Det endar ikkje her. Reidun Johanne har fleire nemnande oppdrag på agendaen:
— Eg er aktiv i Rød bedehus, både i samband med kakebaking, basarar og vedlikehaldsarbeid. I tillegg er eg med i Sveio turlag, der eg og resten av den såkalla «pannekakegjengen» tek med oss pannekaker på turane me er med på, seier Reidun Johanne.
Utover dette er ho kvar sjette veke middagstransportør for eldre åleinebuande rundt om i Sveio. Då køyrer ho og ektemannen Kåre Haukås mil etter mil frå hus til hus med middagsmat på dørene til dei eldre. Denne aktiviteten har ho drive med i ti år, og ho gleder seg over å sjå kor glade dei eldre vert når dei får maten levert heim til seg.
— Det er veldig gjevande å vera med på, seier Reidun Johanne.
Brenn for eldre
Men det er ikkje berre gleder knytte til denne innsatsen. Å vera friviljug kan stundom byda på nokre stikk i hjarta:
— Samstundes vert eg ofte lei meg når eg ser korleis einskilde har det. Ikkje alle har det like godt. Mange av dei saknar noko og er mykje åleine, held Reidun Johanne fram.
Ho fortel at det kan vera vondt å køyra vidare til neste husstand, og at ho gjerne skulle ha fått betre tid med kvar einskild.
Eldreomsorg er ei av dei mange hjartesakene ho brenn for, og ho uttrykkjer medkjensle for dei som har stått lenge i kø for å motta bustadplass i omsorgstenesta.
Ifølgje tipsaren som har nominert denne eldsjela, er Reidun Johanne «ei aktiv dame, som alltid har noko på gang og er oppteken av at alle rundt seg skal ha det bra». På bakgrunn av det verdfulle arbeidet Reidun Johanne gjer for medmenneska sine, ynskjer Vestavind å heidra henne med ein frodig og fager blomebukett.