nyhende

– Gjer det som du er god på, følg draumen, ikkje straumen! Det er Geir Ove Habbestad Toft sitt råd til 10. klassingane. Foto: Privat
– Gjer det som du er god på, følg draumen, ikkje straumen! Det er Geir Ove Habbestad Toft sitt råd til 10. klassingane.

– Fann ut at det var folk eg ville jobba med

Kva valde du i 10. klasse, korleis har yrkeslivet vore, og kva gode råd har du? Det er nokre av spørsmåla i serien «Yrkesval».

Publisert Sist oppdatert
– Kva linje- eller yrkesval gjorde du i 10. klasse og kvifor?
– Kva linje- eller yrkesval gjorde du i 10. klasse og kvifor?

Yrkesval

Namn: Geir Ove Habbestad Toft
Alder: 36
Bustad: Krossleite
Yrke: Utdanna barne- og ungdomsarbeidar, jobbar i Gjermundshaugen FUS barnehage

– Når eg gjekk ut av 10. klasse gjekk eg på idrettslinja på Stord vgs. Eg var usikker på kva eg ville bli når eg blei stor, og sidan eg var veldig glad i sport blei det denne linja for meg.

– Kva vidare utdanning har du tatt etter det?

– Etter vidergående fullførte eg førstegongsteneste, deretter var det litt fri og reising.

– Kva jobbar du med i dag, og korleis har vegen dit vore?

– Då eg kom hjem til Sveio var det helt tilfeldig at eg hamna i Gjermundshaugen barnehage i 2009. Eg hadde aldri sett for meg at eg skulle enda opp med å jobba med slikt. Eg hadde eit lite opphald i nokre år frå barnehagejobben der eg prøvde å jobba med litt forskjellig, men fann ut at det var folk eg ville jobba med.

– Eg fant nok en gang vegen tilbake til Gjermundshaugen og har vore der sidan. Tok barne- og ungdomsarbeidar fagbrev då eg var rundt 30 år.

– Kva er ditt beste råd til 10. klassingane som snart skal søka vidare utdanning?

– Gjer det som virkar kjekt. Det er lov å skifta yrke og ta etterutdanning i vaksen alder. Gjer det som du er god på, følg draumen, ikkje straumen!

Powered by Labrador CMS