nyhende
Fann stoff til utvandringsbok i farfar si «amerikakiste»
– Farfar si amerikakiste opna porten til ei verd eg ikkje ante eksisterte, skriv Øyvind Flatnes (47) i forordet til den nyaste boka si.
Boka har tittelen «Siste brevet fra Saskatchewan» og handlar om utvandringa frå Flatnes-grenda til USA og Canada. Mellom 1877 og 1930 drog godt over 30 personar frå gardane Flatnes og Buavik vestover for å finna betre livsvilkår i den nye verda.
Dei første var to unge kvinner på 17 og 23 år. Talet på utvandrarar samanlikna med folketalet i grenda var høgt. I 1865 budde det for eksempel 52 personar på gardane og husmannsplassane i Flatnes-grenda. 20 av desse innbyggjarane var barn.
Fortalte lite detaljert
Forfattaren sin farfar, Osmund Flatnes, var mellom dei siste utvandrarane. Saman med broren Tjerand drog han i vesterveg i 1927. USA hadde då innført strenge restriksjonar for immigrasjon. Dei to brørne drog difor til Saskatchewan i Canada og fekk jobb som gardsarbeidar hjå kvar sin onkel. For Osmund, som var 19 år då han drog ut, blei opphaldet relativt kortvarig. Han vende tilbake til Flatnes i 1936 og hadde då med seg ei stor kiste med ulikt innhald.
Øyvind vaks opp på Flatnes med foreldre og tre søsken, og med farfar like i nærleiken.
– Eg spurde og grov mykje om Canada, og farfar fortalte nok litt. Men det var helst i generelle vendingar. Eg fekk inntrykk av at han ikkje likte å snakka så mykje om dette temaet. I utgangspunktet visste eg difor ikkje så mykje meir om utvandringa frå Sveio enn det eg hadde lese i bygdebøkene, fortel Flatnes i samtale med Vestavind.
Små og store overraskingar
Øyvind Flatnes bur i dag i Bergen. Han har mastergrad i historie og arbeidar i et IT-firma som har spesialisert seg på å utvikla programvare for utdanningssektoren. Då bestefaren døydde i 2005, fekk han overta innhaldet i «amerikakista». Men det var først 20 år seinare, i påska i år, at tida var komen til å studera dette materialet nærare.
– Det gav me ei rekke små og store overraskingar. Eg blei kjent med folk eg ikkje visste hadde budd på Flatnes, om livsvilkåra deira og korleis det gjekk med dei som drog til Amerika, fortel han.
Kista inneheldt ei rekke dokument, bunker med brev som hadde kryssa Atlanteren, bilde og negativ.
– Eg starta med å få framkalla bilde frå negativa, fortel Flatnes.
Bilda er for ein stor del tatt med farfaren sitt eige kamera.
Omfattande arbeid
Flatnes forsto tidleg at her var kjeldemateriale for ei bok. Og sidan 200-årsjubileet for den første utvandringa med sluppen «Restauration» og med tysværbuen Cleng Person som organisator har blitt feira i år, blei det viktig å få boka ferdig i 2025. Han innrømmer at det har vore seks månader med intenst arbeid for å nå dette målet.
I tillegg til å gå gjennom innhaldet i «amerikakista», har Flatnes gjennomgått gamle avser, tinglyste dokument, kyrkjebøker, folketeljingar, emigrantprotokollar, passasjerlister frå amerikabåtane og registreringar frå innvandringsstyresmaktene i USA og Canada.
Resultatet har blitt ei bok på 203 sider som fortel om menneska og livsvilkåra i 53-årsperioden frå 1877 til 1930, men også om gardane si historie før den tid og om det som har skjedd etterpå. Mellom anna skildrar han hendingar frå andre verdskrigen og etterkrigstida her heime.
Og sidan forholda på Flatnes truleg var omtrent dei same som i andre bygder i Sveio og rundt Ålfjorden, vil truleg boka ha interesse for mange i heile regionen. Flatnes har også innhenta kunnskap om dei som reiste ut, og etterkomarane deira.
Forfattaren si søster Irene Flatnes Haldin har stått for layout og ordna med trykking av boka. Førsteopplaget er på 200 eksemplar. Boka er til sals hjå bokhandlarane i Sveio, Aksdal og på Amanda-senteret, og kan bestillast gjennom bokhandlarar over heile landet.
Fire bøker før
Øyvind Flatnes står sjølv som utgjevar av boka, slik han også har gjort med to av dei fire bøkene han har skrive tidlegare. Desse bøkene handlar om eit heilt anna tema, nemleg gamle våpen og bruken av desse.
«Svartkruttvåpen i krig, jakt og konkurranse» kom i 2005, «A Practical History of Black Powder Firearms» i 2013, «»Skyting med gamle våpen: Fra steinalderbue til svartkruttpatron» i 2017 og «Norske militære og sivile kammerladningsgevrer» i 2017.
– Eg har drive ein del med skyting sjølv, fortel Flatnes som forklaring på den store interessa for historiske våpen.