nyhende

Fann sjeldan firfirsle på kaien

Fredag formiddag fekk familien Måge ei uvanleg oppleving då Oliver fann ei firfirsle ved naustet på Rophus.

Publisert Sist oppdatert

Oliver oppdaga firfirsla på kaikanten, og det var veldig spanande for både store og små, fortel far Johnny Måge i ein epost til Vestavind.

Familien har lese seg opp på denne sjeldne gjesten, og funne ut at det er ei nordfirfirsle. Den er ein av to øgleartar i Noreg og kan bli opp mot 17 cm lang. Den andre ørglearten er stålorm.

Firfisla, som lyder det latinske namnet Zootoca vivipara, fekk nokre timars opphald i ein gjennomsiktig stamp før den vart sett fri.

Føder delvis levande ungar

Nordfirfirsla er «ovovivipare». Det vil seia at den føder delvis levande ungar. Egga blir klekka i det dei kjem ut. Firfirsla lever av insekt som edderkoppar og andre småkryp, fortel Måge.

Ifølgje Norsk Herpetologisk Forening (NHF) – interesseforeining for alle som er interesserte i reptilar og amfibiar – er nordfirsla me har i Noreg ei tøff og tilpassingsdyktig øgle. Som stålormen kan den sleppa halen dersom den blir angripe av rovdyr.

Dette trikset er for å forvirra angriparen. Halen blir liggande å sprella nokre minuttar, og firfirsla nyttar forvirringa til å koma seg unna. Halen veks ut igjen i løpet av nokre veker.

Powered by Labrador CMS