nyhende

Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

Fann regelbrot hos meir enn halvparten av dyrehalda

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Meir enn tusen dyrehald vart kontrollerte av Mattilsynet i første kvartal i år. 53 prosent av dei braut reglar, men berre få av regelbrota var alvorlege.

Mattilsynet kontrollerte dyrevelferda for landdyr i dyrehald, under transport og på slakteri i perioden 1. januar til og med 30. april.

– Vi var på tilsyn i 1.028 dyrehald totalt og gjennomførte tilsyn med dyrevelferda i 794 av dei. For 67 prosent av tilsyna vart det ikkje gitt førehandsvarsling. Det vart oppdaga brot på dyrevelferdsregelverket i 53 prosent av sakene, men få brot som inneber alvorleg vanrøkt, heiter det i rapporten frå Mattilsynet.

At delen regelverksbrot er såpass høg, må vurderast i lys av at det oftare blir gjort tilsyn i dyrehald der Mattilsynet meiner det er risiko for dårleg dyrevelferd.

I 12 dyrehald vart det funne alvorleg vanrøkt. Det er fire fleire enn i same periode i fjor, men enno eit lågt tal set opp mot det samla talet på dyrehald.

Det vart gjort vedtak om avvikling i åtte dyrehald.

Mattilsynet registrerer vidare ein nedgang på 18 prosent til 3.038 bekymringsmeldingar om dyrevelferd i første kvartal.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS