nyhende
Fann mykje boss på dugnad i Ålfjorden
Laurdag vart to containerar med boss fjerna frå strendene langs Ålfjorden. Det kan ein takke dugnadsand og 44 sveibuar for. — Ein viktig jobb å gjere for fremtidige generasjonar, seier initiativtakarane.
Sola skin og det er ein nydeleg dag for å rydde. På Våga kai står ein stor container og ein rad med redningsvestar. Lars Einar Hollund fører lister over deltakarane, og markerer på eit kart kvar dei ynskjer å rydde. Sjølv skal han dykke. Båtar byrjar å kome til kaien og plutseleg er det folksamt.
— Frivilligheit er viktig, det er på dugnadsand dei gjer dette, seier Arne Valen og gestikulerer til
lastebilen med kran som har dukka opp. Valen er leiar i Våga og omegn grendalag, som står bak dagens aksjon.
Krana opererast av Per Egil Rullestad, og skal snart få hente mykje forskjellig opp frå sjøen. Mellom anna ei gamal flytebrygge.
Håpa på vinst
Forutan godt oppmøte kjem har aksjonen fått mykje lokal støtte i form av gåver. Lokale bedrifter har gitt premiar til loddtrekninga som vert held etter ryddinga. Kvar person som deltek får eit nummer og vert med i trekninga. Nokon har allereie fått auge på noko dei ynskjer å vinne.
— Eg håpar eg vinn noko, gjerne saga eller det stå-padlebrettet, seier Kåre-Elias Tveit (6).
Mor til Kåre-Elias, Tina Risanger, er kasserar i styret for grendalaget. Med seg har ho også dottera Julianne (4). Ho ynskjer også å vinne brettet.
Rett før ein båt set av spør Vestavind om kva dei forventar å finne.
— Eg synast det ser ryddig ut, men trur vi kjem til å finne meir når vi nærmar oss strendene, seier Sigrund Breistig.
Ho sit saman med borna Ole og Anne Synnøve. Kapteinen er Egil Halleland.
— Eg håpar dykkar finn masse søppel. Om ikkje, så er jo det eit godt teikn det og, seier Arne Valen til dei.
Hollund hoppar uti vatnet og kjem opp igjen med eit tau som vert festa til krana. Ut av vatnet dreg den tre bildekk som har ligge på botnen ved kaien.
Fleire båtar legger til og dugnadsivrige kjem gåande. Det er ein mangfaldig gruppe som har stilt opp for å verne om naturen.
Ordføraren kom
Også ordførar Linn Therese Erve dukka opp saman med sine to born Johanna og Gaute. Seinare same dag skal ho vigsle nokon, men først skal dei rydde Ålfjorden.
— Det er stas å kunne vere med og viktig for borna, seier Erve.
Dei set fart mot ei strand der dei mellom anna kjem til å finne eit dekk, masse isopor og ein død ål.
To containerar fylte sveibuarane opp med boss, og dei som var med står igjen med gode minne og ein rein fjord.
OPPDATERING:
Totalt var det henta opp 2320 kilo søppel, blant anna 65 sekker med boss, frå fjord og strand.
Talet på antall frivillige vart på 45.