nyhende
Fann mogleg kreftframkallande stoff i 16 av 33 tannkremar
Forbrukarrådet stadfestar stor interesse og overraska forbrukarar etter at dei fann det mistenkte kreftframkallande stoffet titandioksid i 16 av 33 tannkremar.
Under overskrifta «Styr unna» presenterte Forbrukarrådet måndag resultata frå tannkremtesten. Tilsetningsstoffet titandioksid, som er forbode å bruke i matvarer, vart mellom anna funne i kjende tannkremar som Sensodyne, Solidox og Jordan, og dessutan i barnetannkremane Bamse, Peppa Gris og Flux 6 +.
Tenesteansvarleg for testar i Forbrukarrådet, seniorrådgivar Elin Vestrum, seier til NTB at det er ekstremt mange som har lese saka og sett på testen sidan han vart lagt ut måndag.
– Vi har også fått førespurnader frå overraska forbrukarar som seier dei no føler at dei må byte ut favoritt-tannkremen sin, seier Vestrum.
Fasar ut stoffet
Vestrum seier fleire tannkremprodusentar har sagt at dei no skal fase ut titandioksid frå produkta sine.
Kommunikasjonssjef i Orkla Health, Elin Reitan, seier til NRK at titandioksidet i tannkremane deira blir brukt i produkt for vaksne og at dei er heilt trygge, då mengda som blir brukt i ikkje har den urovekkjande effekten som EFSA viser til i studien sin.
– Men fordi ingrediensen er omdiskuterte, jobbar vi med å finne erstatningsstoff til titandioksid i dei produkta vi bruker det, slik at forbrukarane skal sleppe å kjenne på ei uvisse når dei ser ingredienslista, seier Reitan.
Også i Paracet og solkrem
Tilsetningsstoffet titandioksid blir mellom anna brukt for å gi kvit farge til produkt som måling, papir og tannkrem.
Det har ifølgje Forbrukarrådet vore brukt i matvarer som godteri, glasur, kake, dressing og tyggis. I 2021 konkluderte EUs mattryggleiksorgan, EFSA, med at titandioksid ikkje lenger kan reknast som trygt å bruke i mat. Årsaka er at stoffet er mistenkt å vere gentoksisk og kreftframkallande, så stoffet vart derfor forbode i mat, men ikkje i produkt som legemiddel, solkrem – og tannkrem. Det bekymrar Forbrukarrådet.
– Vi er bekymra for den totale mengda av skadelege stoff som dei mest sårbare, nemleg barn og unge, får i seg frå produkt dei bruker dagleg. Vi meiner stoff som er mistenkte helseskadelege må regulerast strengare enn i dag, seier Vestrum.
Blir ikkje tatt opp gjennom hud
Seniorforskar Berit Granum ved Folkehelseinstituttets avdeling for kjemikalietoksikologi seier til NRK at det er trygt å smørje titandioksid på huda via kosmetiske produkt, sidan titandioksid ikkje blir teke opp gjennom hud.
– Om det ikkje kjem inn i kroppen, er det ikkje helsefarleg. Når det gjeld inhalasjon og oralt inntak, kan titandioksid gi enkelte negative helseeffektar, seier Granum til NRK.