Både politiet og hovudredningssentralen for Sør-Norge (HRS) melde søndag om at det var funnen ein tom kajakk på stranda ved Øyr i Viksefjorden.
– HRS meinte det var snakk om hittegods, fortel vaktsjef Ingvild Vea ved Haugesund politistasjon måndag morgon.
Kajakken er merka «Edvin sin» med stor skrift. Så langt Vea kjende til då Vestavind snakka med henne, har det ikkje meldt seg nokon eigar til kajakken.