nyhende

Helga-Mari TessemBæsjFørde
Nederst i biletet ligg det ekle funnet. Og lengre ut i grøfta er det fleire papir brukt til å tørka seg.

Fann ekle restar etter dobesøk langs vegen: – Ligg masse brukt papir med brunt på

Helga-Mari Tessem går jamleg tur i Førde. Nyleg kom ho over noko som truleg var eit menneskje som mangla både toalett og manerar. – Det ligg rett ved den kvite vegstripa, seier ho.

Publisert Sist oppdatert

Ho oppdaga det først for fem dagar sidan ved innkøyrselen frå Førdebygda mot Erve. Onsdag gjekk ho tur med ei venninne kor hunden til venninna plutseleg vart nysgjerrig på kva som låg der.

– Det ser ikkje ut som hundeskit. Me har gått forbi mykje anna, og det likna ikkje på det for å seia det slik, seier Tessem.

Ikkje frå ein Førdebu

Rett over den kvite stripa som markerer grensa mellom veg og grøft ligg det avføring, truleg frå ein person.

– Det ser verkeleg slik ut. Det ligg masse brukt papir som det er bæsj på, så ein kan ikkje forstå noko anna, seier ho.

Ho understrekar at ho ikkje er 100 prosent sikker, men papira bak gjer mistanken stor. Vegen har ikkje særleg mykje trafikk, og når det vert mørkt er det ikkje lett å sjå kva som føregår. Heile hendinga er merkeleg, og Tessem aner ikkje kvifor ein person har vald å gå på do akkurat her. Men ein ting er ho sikker på.

– Eg kan aldri tru det er nokon lokale i Førde. Me hadde i det minste hoppa over gjerde og gått ute av synet i skogen, seier ho.

Tessem undrar på om ikkje det er nokon som rett og slett har kome køyrande og gjort i frå seg.

– Det verkar nesten som nokon har opna bildøra og skite, seier Tessem.

Ikkje første gongen

I dag fekk ho og posta bilete på ei lokal Facebook-gruppe. For det er ikkje første gongen ho har oppdaga noko så ekkelt i bygda.

– Ved bommen før samfunnshuset fann eg også mannskit og brukt papir, for eit halvt år sidan. Då la eg ein stor stein over så ingen skulle trakka i det, seier ho.

Under pandemien vart alle offentlege toalett mellom Stavanger og Bergen stengde. Det gjorde at rasteplassen nord for Førde plutseleg vart ufyseleg skitten.

– Då låg det brukte truser, flasker og avføring bakom det stengde toalettet. Eg varsla Vegvesenet, og dei tok det heldigvis på alvor. For det er eit fint turområde der også, fortel Tessem.

Noko som gjer at ho er sikker på at det ein person bak det heile, er det andre som ligg der utanom sjølve avføringa.

– Når det er tørkepapir der. Det er ingen som nyttar det på hundane sine, avsluttar ho.

Powered by Labrador CMS