nyhende
Fann den eldste leppefisken i verda
Ei berggylte som gjekk i garnet i 2021 har sidan vore på frys hos Havforskingsinstituttet. Då fisken no vart teke fram for undersøking, viste det seg at den var 34 år gammal – ein rekordalder.
Den tradisjonelle «HI-måten» for å finne ut alder på fisk har vore å lese årringane på øyresteinane til fisken. Men øyresteinane til leppefisk som berggylta er bitte små. Nyleg lærte dei ein ny metode som inneber å finne ut alder ved å sjå på gjellelokket til fisken, skriv Havforskingsinstituttet i ei pressemelding.
– Då vart vi ivrige. Så vi heiv oss til med å vaske gjellelokk og lese av årringar i beinet, seier Marthe Ruud Stendal ved Havforskingsinstituttet (HI).
Og det var då verdsrekorden kom for dagen. Det viste seg at den eine fisken Stendal undersøkte var ei 34 år gammal berggylte.
Verdsrekordhaldaren har vore på frys sidan 2021, etter å ha gått i garnet til Havforskninga under eit tokt ved Skjerjehamn i Gulen kommune i Ytre Sogn.
– Det vi veit er at berggylta var ein hann og ganske så lang, over førti centimeter, seier Stendal.
Førre rekorden var ein 29-åring som vart teken på 1970-talet i Storbritannia.