nyhende

Fann boss – får ros av kommunen

Ei gruppe fjerdeklassingar og lærar Marit Hansen Svartveit var på tur langs Paddevegen då barna kom over mange typar søppel. Då varsla dei kommunen. No får dei ros for å ha gjeve beskjed, og proft utstyr til å plukka boss.

Publisert Sist oppdatert

– Dei har lært om miljøvern og berekraft den siste tida, seier lærar Marit Hansen Svartveit om fjerdeklassingane sine.

Nokre veker tilbake var dei på tur i Sveio og gjorde eit beklageleg funn i naturen.

Oppdaga boss langs turveg

– Me gjekk inn ein populær turveg, og der fann me mykje boss, seier ho.

– Kva då?

– Bildekk, oljetønner, motordelar og plastpostar til dømes, svarar Svartveit.

Elevane hennar vart både begeistra og forundra.

– Dei skjønner ikkje heilt kvifor nokon ville forsøpla slik. Samstundes var det jo litt spanande for dei å finna boss, for då fekk dei sjå nærmare på kva det var, forklarar læraren.

Dei tok fleire bilete og gjekk attende til skulen, kor dei såg nærmare på kva dei hadde funne.

– Dei har lært om nedbrytingstid og skjønte difor at størsteparten av bosset må vera fleire tiår gamalt, sidan oljetønnene har rusta så mykje at dei har gått sund, seier Svartveit.

Ho går ofte tur med hunden sin, og ser at det ikkje berre er fortida sine sveibuar som kastar boss.

– Om ein til dømes går langs Paddevegen i dag, så ser ein jo nytt boss og søppel, seier ho.

Fekk besøk av kommunen

I fellesskap diskuterte klassen løysingar, og nokon kom fram til at dei kunne sjekka nettsida til kommunen.

– Der var det mogeleg å senda inn varsling, seier Svartveit.

Til barna sin store glede fekk dei svar frå miljøavdelinga som takka dei for å ha gjeve beskjed. Kommunen var så nøgd med dei unge sveibuene at dei sende ein for å besøka fjerdeklassingane på skulen. Måndag 16. oktober fekk klassen besøk frå Gjertrud Svartveit Osmundsen, rådgjevar for landbruk og miljø.

– Eg er bonde frå før av, og også veldig oppteken av naturen, seier Osmundsen til fjerdeklassingane.

– Berre ditt eiga fottrykk

Ho var glad for å ha fått epost frå barna, og gav dei eit godt tips for kva dei skal gjera neste gong dei finn søppel i naturen.

– På RyddeNorge.no kan de kartfesta kvar bosset ligg, og registrera kva de har funne. På den måten kan eg vita nøyaktig kvar det er, og kontakta den som eig området, seier Osmundsen.

Rådgjevaren fortel at fleire grunneigarar sine område vert brukt som ulovleg dumpingplass, og at det er viktig å gje dei beskjed.

– Då kan dei følgja med og kanskje finna ut kven som har gjort det, seier Osmundsen.

Undervegs tok ho spørsmål frå barn, og det var fleire ivrige hender i vêret. Nesten alle barna hadde kvar si historie om å ha funne boss i naturen. Rådgjevaren fekk samstundes tid til noko som kunne ha vore undervising i samfunnsfag.

– I Noreg har me noko som heiter «allemannsretten», seier ho og forklarar kva det inneber.

Avtalte løysing

Rådgjevaren runda av lærdomen om allemannsretten med ein hugseregel.

– Det einaste du skal etterlata deg i naturen er ditt eiga fotavtrykk, så ta med alt boss, også appelsin og bananskall, seier ho.

Mot slutten avslørte Osmundsen at ho ikkje hadde kome tomhendt til klasserommet.

– Eg har med desse, så de er godt førebudd neste gong de skal på tur, seier ho og tar opp ein stor rull med bossposar og arbeidshanskar.

Barna gav applaus då Osmundsen var ferdig, og rådgjevaren gjekk ut av klasserommet med ein avtale i hand.

– Då er leksa vår at me skal senda inn til kommunen nøyaktig kvar bosset ligg, avsluttar læraren.

Powered by Labrador CMS