nyhende
Fann 2,5 tonn med boss på havbotnen
20 personar i Njord dykkarklubb brukte to laurdagar på å markera alt bosset dei fann under vatnet ved ein lokal kai. Til saman drog dei opp fleire tonn med boss frå havet. — Det nytta nesten ikkje å tella, seier dykkar Lars Einar Hollund om alle dekka dei fann på botnen.
— Er du svolten? Spør Rune Teikari, kommunestyrerepresentant (FrP) og frivillig i ryddeaksjonen.
I handa held han ein krabbe. Den fann han i eit av dei 20 dekka dei nettopp drog opp frå 10 meters djup.
— Det nytta nesten ikkje å tella, men eg er overbevist om at det er nært 150 dekk, seier Lars Einar Hollund, leiar i Njord Dykkarklubb og kommunestyrerepresentant (H).
Mykje boss i havet
Ein måndag seint i mars drog han, Teikari og to frivillige frå ei lokal fiskerinæring opp imponerande mengder med søppel i frå havet.
Dei to laurdagane før hevinga var Njord Dykkarklubb i aksjon utanfor Lyngholm kai. Dei brukte tida godt for å markera kor søppel låg på havbotn, og festa gule blåser som kunne hevast.
— Totalt har me vore 20 personar som dykka. Sist laurdag var me 9, seier Hollund.
Utan tvil var det mest dekk som låg på botn, men dei fann også ein motor, fleire metallkoplingar og ei teine.
Dekka vart samla med tau som perler på ein snor. Under fleire av hevingane verka det som remsa med dekk ikkje hadde ende.
Frå gamle dagar
Både han, Teikari og dei to frivillige frå Erko Seafood var gong på gong overraska over kva som vart drege opp frå sjøen.
— Det er til å le av, seier Viggo Blytt, dagleg leiar på fiskeanlegget på Bua.
Remsa med dekk strekk seg høgt til vers, langt over mannskapet på båten.
— Ikkje ein einaste fender på kaien, humrar Blytt.
— Nei, dei ligg jo her svarar kollega Øyvind Huseby.
Det er Huseby som styrer krana som hevar søppelet. Fleire gonger vart det for tungt for krana å løfta rett opp.
Kor lenge dekka har lagt i sjøen veit berre personane som kasta dei.
— Kva trur du alderen på bildekka er?
— Hmm, så lenge som dei har hatt bildekk. Ein ser at dei er frå fleire generasjonar, til og med bobledekk i frå 50-talet, seier Hollund.
God hjelp
Ombord i båten under heile ryddinga er dei to hundane Ralphie og Bowie, som kikkar nyfikne ned i vatnet medan eigar Blytt styrar skuta med namnet Bryggen.
— Å kalla meg kaptein er vel å ta litt i, humrar Blytt.
— Kvifor er dykk med på ryddinga?
— Hollund har ringt og masa, spøker han og fortset:
— Me hadde stilt opp uansett, og det er hyggeleg å hjelpa til. Me har jo tidlegare drive strandrydding i privat regi i området, seier Blytt.
Dei fire karane jobbar godt saman, og på trass av kald vind er stemninga lun og varm.
— Der var til og med ein gamal omn, seier Teikari, som kikkar forbausa ned i sjøkanten.
Den svært rusta omnen er festa med tau i eit handtak, som plutseleg vert riven av. Omnen søkk ned igjen i djupet.
— Er du sikker? Ein omn? Spør Hollund forundra.
— Ja, me såg han begge to, svarar Teikari og Huseby.
Når ein ser kor rusta handtaket er, vert ein ikkje overraska over at omnen ikkje tolte hevinga.
Dag og natt mellom hav og land
Dei store funna er dessverre berre toppen av isberget trur leiaren av dykkarklubben.
— Det er eigentleg litt utruleg at ein så liten plass skal ha så mykje søppel på botn. Det er ein sterk indikasjon på kva som ligg på havbotn rundt oss, seier Hollund.
Han understrekar at det ikkje er buande i nærleiken sin feil kva som ligg i sjøen.
— Det var sånn verda var før, at havet var søppelplassen, seier Hollund.
Folk har vorte mykje flinkare med rydding av boss der ein kan sjå det. Men som dykkar ser han kor mykje som ligg att.
— Det er rydda på land, men ein halv meter under havflata er det reine dynga, seier han.
Då dei vart ferdig med å henta opp hadde båten drege opp 13 blåser. Dei fekk alt oppi konteinaren, men det gjekk ikkje utan bruk av makt.
— Eg har aldri vore med at me måtte stua for å få plass, seier Hollund.
Opptelling og veging viser at det totalt vart henta 2.540 kilo med boss opp frå havet.