nyhende
Fanga uvanleg gjest
Midt på lyse dagen tok denne karen (eller dama) seg inn i huset til Kari og Knut-Ove Tvedt på Krossleite. – Eg har budd her i 27 år, men aldri hatt slikt besøk, seier Knut-Ove.
Det var kona som først oppdaga den kjappe skapningen ute på trappa. Ho ropa på mannen. Før han kom til, hadde «salamanderen» pila inn i gangen. Sveio er salamanderland, så det var naturleg å tru dette var ein salamander, men det er altså ei nordfirfisle.
– Eg har sett salamander, eller kanskje det har vore firfisle, ved huset før. Men dei har aldri kome inn, fortel Tvedt.
Inne kunne ikkje firfisla vera, så dei brukte forskjellig til å sperra av ute i gangen for å hindra at firfisla pila vidare inn i huset. Tvedt fekk til slutt fanga den med eit stort glas.
Ut på tur i underbuksa
– Eg gjorde som eg brukar med flygande vesen som kjem inn: stakk eit papir under glasset og bar firfisla ut og vekk frå huset. Sidan eg berre hadde underbukse på meg, blei det ikkje så lange turen. Kanskje like greit både for firfisla og naboane, smiler Tvedt.
Nordfirfisla er ein av Noregs to øgleartar. Den andre er stålorm. Noreg er nordgrensa for utbreiing av nordfirfisla. 12. juni fann Oliver Måge ei firfisle ved naustet på Rophus, og Vestavind kjenner til ein del andre observasjonar i sommar, også i andre kommunar enn Sveio.
Truleg fødd i 2018
Børre Kind Dervo er forskar ved Norsk institutt for naturforskning (NINA), og ein av dei som kan mest om salamander og øgler i Noreg. Han fortel at ein har trudd at nordfirfisla ikkje har vore så utbreidd på Vestlandet.
– Det er derfor veldig interessant at det blir gjort ein del observasjonar på Haugalandet. 2018 var eit spesielt år med mykje rekruttering av nordfirfisla. Ut frå bildene og storleiken på dei to firfislene som er fanga i Sveio, ser det ut til at dette er øgler som er født det året, seier Dervo.
– Kvifor dukkar det opp såpass mange av dei no?
Klima og korona
– Varmare klima gir større utbreiing og større overleving. Det er nok ein av årsakene til at ein ser fleire av dei i sommar. I desse koronatider er folk også meir ute, og då er det større sjanse for å treffa på firfislene. Det har til dømes sjeldan blitt rapportert så mange hoggormobservasjonar som denne våren, seier Dervo.
– Kva skal ein gjera om ein har fanga ei øgle, slik Tvedt gjorde?
– Dette er relativt robuste skapningar, men ein må sjølvsagt vera forsiktig. Det naturlege instinktet til firfisla er å stikka av. Når den er roleg er det som regel fordi den er redd. Og den har det best der den høyrer heim: ute i naturen. Så det beste er å flytta den til næraste skogsområde. Vekk frå område eller vegar der den kan bli påkøyrd, seier Dervo.
– Vanleg på Haugalandet
Thor Håkonsen, leiar i Norsk Herpetoligisk Forening, fortel at sjølv om ein likar å kalla Sveio for salamanderland, er nok firfislene mykje vanlegare enn salamanderen også her.
– At det blir observert mange akkurat no, er nok tilfeldig. Nordfirfisla er ein vanleg art på Haugalandet. Dei føder kun ein gang i året, og det er seinare på sommaren eller tidleg haust, opplyser Håkonsen.