nyhende

Kondensstripene danna ein klår V på sydhimmelen over Krossleitet fredag føremiddag.FOTO: PRIVAT
Kondensstripene danna ein klår V på sydhimmelen over Krossleitet fredag føremiddag.

Fanga spesielt fly-fenomen over Sveio

Ein mann på Krosselitet i Sveio kika opp på himmelen fredag føremiddag, og fekk auge på noko spesielt.

Publisert Sist oppdatert

Kondensstriper

Kondensstriper blir danna av luft som strøymer ut av flymotorar eller av virvlar som oppstår ved spissen av flyvengen. Utsleppet skil ut små iskrystallar i fuktig kaldluft i høge nivå. Ein kondensstripe som varar lenge er eit teikn på mykje fukt i høgda, og kan igjen tyde å at ein vêrfront nærmar seg.

Kjelde: Wikipedia

Kondensstriper, mest sannsynleg frå to fly, danna ein klår V på sydhimmelen over Sveio fredag føremiddag.

Ole Torbjørn Eike på Krossleit knipsa av det spesielle fenomenet cirka klokka 10.40 fredag.

— Det var litt merkeleg å sjå ein slik v-forma på himmelen, seier Eike.

— Litt artig

Han understrekar at han berre syntest fenomenet var litt spesielt og artig, og legg for eiga rekning til at han ikkje trur at stripene har samanheng med dei litt urolege gepolotiske tidene me er inne i.

For orden skuld: Det er ikkje meldt om spesielle flyhendingar i området.

Vestavind har sjekka appen Flightradar34, ein app som registrerer flytrafikken. Den syner at fleire fly har kryssa Haugalandet i den aktuelle halvtimen før bildet vart tatt. Det er gjerne dei mest høgtflygande som legg igjen stiper som kan bli hengande att ei god stund.

Gamal DC-8?

Ei stripe kan til dømes henge att frå eit  Norwegian-fly på veg frå  Bergen til Malaga, eventuelt eit KLM-fly frå Bergen til Amsterdam. Eit kryssande Airbus A330 frå Hi Fly, på veg frå den tyske hovudsaten Berlin til Vancouver i Canada kan også vere involvert.

I det aktuelle tidsrommet var også eit eldre fly av typen Douglas DC-8 på veg frå Katowice i Polen til Piedmont i Nord-Carolina i USA. Flightradar24 hadde ikkje sikker identifikasjon på dette flyet.

Powered by Labrador CMS