nyhende
Familiefest og opning av padelbane
Laurdag blir det offisiell opning av Bua Ungdomslag sin padelbane ved ferjekaien i Buavåg. Opninga blir markert med ordførarduell.
Konkurrentane blir ordførar André Mundal Haukås (H) i Sveio og den utflytta sveibuen Nils Konrad Bua (H) som er ordførar i Haugesund.
Eige husorkester
Opninga av padelbanen blir ein del av sommarfesten i Buavåg, som startar allereie fredag kveld. Då blir det såkalla akustisk sommarfest i Gullsjøhuset, der den lokale trioen Jonny Hansen, Espen Helvig og Bjørn Engan skal opptre saman – for første gong under gruppenamnet The Husband.
– Me byr på coverlåtar frå fem tiår og er glade om publikum syng med, seier Hansen og Engan.
Alle tre er gitaristar, men i dette høvet spelar Helvig bass. The Husband har ingen andre planar enn å opptre på lokale tilstellingar i Buavåg.
Hansen er også bildekunstnar på hobbybasis og stiller ut akvarellar og nokre akrylmaleri i Gullsjøhuset. I lokalet er også ei utstilling av Birgitte Brenthagen Bua sine bilde.
Turnering heile laurdag
Laurdagen startar med turnering i padelbanen.
– Det blir både lagspel og sluttspel. Mellom desse bolkane kjem ordførarduellen, fortel Bjørn Engan, som også har ansvar for denne delen av programmet.
Han lovar både premiar og vandrepokal til vinnarane, men har enno ikkje fullt oversyn over deltakartalet.
Familiedag
Elles er opplegget kring sommarfesten koordinert av Elin Bua og Solveig Hovda, som er med i ei gruppe for sosiale møteplassar i regi av Liv og bulyst-prosjektet. Med seg har dei både kvinne- og familielaget og bygdalaget.
– Det blir ein familiedag, slik me også hadde i fjor, fortel dei to damene.
Dei lovar å ha grillane varme, slik at folk kan ha med seg matvarer og grilla sjølve.