Familien frå Vikedal har tatt turen til skogs for å bli med på skogdagen i regi av Nortømmer både for å kosa seg ute i det fri og for å sjå hogstmaskinene i drift.
I desse dagar er det sambygdingen Geir Magne Espevoll som har skogsmaskinene på besøk, men når skoginga er ferdig i fjellskråningane langs Eikelandsvegen set hogstkarane kursen lenger opp i dalen. Då står familien Nes for tur.
— Dei kjem til oss seinare. Me har tenkt på skoging i fleire år, og nå hiv me oss på. Prisane har gått oppover og nå vil me nytta oss av det, seier Jarle.
Aktivitetar
Medan demonstrasjon av hogstmaskiner går føre seg i plantefeltet litt opp i lia har arrangøren rigga seg til med bålpanner og tømmerhoggar-bål på eit jorde ved skytebanen i Vikedal. Her kan alle forsyna seg av nygrilla pølser, hamburgar, marshmellow eller få seg ein boks leskande drikke og ein kaffiskvett. Når matøkta er over er det tid for quiz. Spørsmåla er fordelt langs ei skogsløype og når alle har levert sine svar blir det trekkinga av premiar.
— Spørsmåla var lette, seier Simen Hustveit Andreassen (12) og Odin Imsland (11) og kryssar av dei første postane før dei tek fatt på løypa.
Som ein liten ekstra gevinst vankar det ein planteklar grankvist eller to til store og små. For 9 år gamle Aleksandra Sigmundstad vil den grøne kvisten mest truleg enda opp i hagen til mor.
— Mamma skal ta vare på planta. Ho byggjer drivhus, seier 9-åringen og smiler nøgd.
Stor pågang
Med dagens tømmerprisar står oppdraga i kø for alle som driv med hogst og skogsdrift. Nortømmer er ein av fleire aktørar som hjelper til med tømmersal, skogkultur og skogdrift, og i desse dagar har dei meir enn nok å gjera.
— Me har mykje arbeid. Det er travelt med så høge tømmerprisar, seier Martin Salmonsen i Nortømmer.
Granfeltet dei nå jobbar i vil gje om lag 5.500 kubikk tømmer, og alt tømmeret er av svært god kvalitet.
— Skogen er om lag 70 år gamal. Her ligg årringane tett. Det betyr god kvalitet, seier Salmonsen.
Samarbeid
For å få best mogleg pris for tømmeret kan det svara seg for skogeigar å slå seg saman med andre grunneigarar når dei skal bestilla hogst. God planlegging langt fram i tid er også eit smart trekk.
— Skogeigarane er flinke til å gjera avtale med kvarandre. Og når eigedomane ligg i forlenging av kvarandre kan me ta ut fleire kubikk samstundes. Det er det beste, seier Salmonsen.
Etter skoging kan arealet nyttast som beite eller plantast på nytt. Tidlegare var det vanleg å planta svært tett og mange tok seg ikkje bryet med å tynna skogen etter at den vaks til. For å oppnå best mogleg vekstvilkår kan det vera lurt å tileigna seg nødvendig kunnskap om gjenplanting og skogpleie. Det kan Nortømmer hjelpa til med.
— Dei som plantar på nytt kan få opplysning om skogpleie hos oss, seier Salmonsen og ber folk ta kontakt om dei treng informasjon.
Tømmerprisar og uttak
Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det i 2024 blei tatt ut 11,85 millionar kubikk tømmervirke her til lands. Det er det høgaste volum på over 10 år, og ei oppgang frå 2023 på rundt 0,9 millionar kubikk. Til samanlikning blei det i 2014 tatt ut 9,7 millionar kubikk.
Også prisen på tømmer steig i løpet av fjoråret. Samanlikna med 2023 var den gjennomsnittlege tømmerprisen 24 prosent høgare i 2024. Den prosentvise prisauken var rundt 24 prosent for sagtømmer av gran og furu og massevirke av gran, medan massevirkeprisen for furu auka med 30 prosent. Skogeigarane oppnådde i gjennomsnitt 800 kroner per kubuikk for sagtømmer gran i 2024, 760 kroner for furu, 534 kroner for massevirke gran og 498 for massevirke furu.
Høgast var prisen i 4. kvartal. Då fekk skogeigarane i gjennomsnitt 755 kroner per kubikkmeter for industrivirke. Det er den høgaste nominelle prisen som er registrert, og ein auke på 31 prosent samanlikna med 4. kvartal 2023. Både sagtømmer og massevirke har hatt omtrent same prosentvise prisauke i denne perioden. Sagtømmerprisen for gran enda i snitt på 901 kroner per kubikk i 4. kvartal 2024. I alt ble det hogd 2,95 millionar kubikkmeter industrivirke for sal i dette kvartalet.