nyhende
Fake news i julesongar
Julesongane er ein sentral del av høgtidsfeiringa vår. Men kor sannferdige er dei eigentleg? Vi har teke ein faktasjekk på nokre av dei mest folkekjære tekstane.
– Pappa, kvifor er Rudolf raud på nasen, spør dottera mi.
Klokka er 06.30 ein tysdag seint i november. Fireåringen er godt i gang med dagen, og no er hjernen på høggir. Spørsmålsmitraljøsa er i gang. No skal ho ha svar på dei store spørsmåla i livet. Og overraskande ofte, som no, står eg der svar skuldig. For kan eit reinsdyr i det heile bli raud på nasen? Og kva skal i så fall til? Zoolog Peter Bøckmann var heldigvis berre ein telefon unna.
Rudolf er alvorleg sjuk
– Reinsdyret Rudolf er ifølgje songen raud på nasen – og ikkje nok med det, nasen lyser i tillegg som ei glo. Er dette mogleg?
– Det er litt vrient å ha ein nase som lyser som ei glo. For i den augneblinken Rudolf har det, så har han typisk nok vore borte og sniffa på juledekorasjonane til nissefar – og fått i seg ei lyslenke. Det er einaste måten det kan forklarast. Men la oss no seie at han har fått i seg ei lyslenke, då vil faktisk lyset som slepper ut gjennom huda på nasen vere raudt. Då har det skine gjennom masse blod og brusk, seier Bøckman.
Han forklarer at dersom Rudolf si nase ikkje lyser, men likevel er raud, så er det ikkje snakk om ei forkjøling, men derimot ein alvorleg sjukdom.
– Det finst eit par gufne parasittsjukdommar som kan vere årsaka til den raude nasen. Særleg fluga som heiter reinbrems kan vere forferdeleg. Ho legg typisk larvar i nasen på reinen, og desse er nesten umogleg å få ut for dei bit seg fast med piggar i nasegangen. Ein ting er at det gjer vondt, men det blir òg vanskeleg å puste. Reinen køyrer nasen ned i lyng og snø for få det vekk, og gjer han det på hard skare, så blir nasen raud, seier zoologen.
Rotter dansar ikkje halling
Når eg først har Bøckman på tråden nyttar eg òg høve til å faktasjekke oppførselen til rottene i «På låven sitter nissen». Songteksten fortel at rottene både står i ring, dansar og skottar på nissefar. Eg skjønar at rotter ikkje dansar, men kvifor? Og kan dei skotte?
– Rottene er ikkje så fæle på å skotte. Dei er eigentleg mest ivrige på å snuse. Dei brukar nasen meir enn auga. Det hadde vore riktigare med «rundt omkring står alle de små rotter og de snuser og de snuser», men det ville jo ikkje rima på rotte. Men hadde ein derimot sagt «rundt omkring står alle de små muser og de snuser og de snuser» så hadde det blitt rett.
Eller?
– Muser er jo ikkje grammatisk rett, men det får vere ei utfordring eg overlèt til diktaren, konstaterer Petter Bøckman.
Han forklarer òg at rottedansen neppe følgjer ein bestemt rytme, slik vi menneske gjer når vi svingar oss.
– Rotter er frykteleg dårlege til å danse rumba og halling. Dei har ikkje evolusjonære trekk som har ført dei i den retninga. Det er strengt tatt unikt for dyr på to bein akkurat det der. Viss nissen er hissig nok – som vi kan anta han er – vil rottene halde seg på god avstand. Dei sørgjer for å ha avstand til sleiva. Viss vi reknar med at nissen veivar ho i ein omtrent sirkel blir det nesten som ein sirkel med rotter rundt. Vi kan anta at dei vil hoppe, sprette for å prøve å komme seg i posisjon til å få ta i grauten. Og frå nissen sitt synspunkt ser kanskje dette ut som ein makaber dans.
Klesvask og feiring
Så hentar eg fireåringen i barnehagen og kan dele dei nye funna mine om nasen til Rudolf og rottene på låven, men er dette nok til å stoppe den forvitne ungen? Svaret på det er nei. For no har ho oppdaga juleklassikaren «Så går vi rundt om en enebærbusk».
– Er juletreet vårt ein einebærbusk, pappa?
– Nei, det er det ikkje, men ikkje spør meg kvifor.
Vi spør heller kulturhistorikar Ida Tolgensbakk.
– Det har faktisk vore vanleg å gå rundt einebærbuskar i jula, men det gjeld særleg i dei delane av landet der gran og furu var vanskeleg tilgjengeleg. Før plantegran var noko fleire kunne kjøpe, litt utpå første halvdel av 1900-talet, brukte ein det ein hadde. Einebusk til juletre var utbreitt i kyststrøka, og i Nord-Noreg var det mange stadar der eine-juletre dominerte til etter andre verdskrigen, fortel førstekonservator Ida Tolgensbakk ved Norsk Folkemuseum.
Songteksten påstår òg at det er vanleg å gå rundt einebærbusken tidleg om morgonen.
Ho forklarer at det var i samband med juletrefestar at folk lærte å gå rundt juletre medan ein song.
– Difor er det litt vanskeleg å svare på om det var vanleg å gå rundt einebærbusken på morgonen – for eg er ikkje heilt sikker på kva tid på dagen dei første juletrefestane fann stad. Men eg tvilar eigentleg sterkt på at ein la festen til tidleg på morgonen, så her rotar teksten synest eg.
At songen legg opp til at ein skal gå rundt busken og gjere husarbeid samstundes, er sannsynlegvis lagt inn som eit underhaldningselement. Men når det gjeld vasking av kropp og golv, er songen faktisk ganske så spot on tidsmessig.
– Vasking, skyljing og rulling av tøy må openbert gjerast i god tid før jul! Litt meir truverdig er det med vasking av golv, for mange stader har det vore skikk at huset og kroppen skulle vaskast den 24. desember, avsluttar kulturhistorikaren.
Prøv å finne leia der Sirius er
Sjølv ikkje ein av dei mest folkekjære julesongane slepp heilt unna i denne faktasjekken. «Julekveldsvisa» av Alf Prøysen blir av mange rekna som den aller vakraste julesongen vi har.
– Kvar er eigentleg julestjerna, spør fireåringen når ho ser opp på kveldshimmelen.
Og gamle far blir igjen usikker. For finst det ei julestjerne? Og er det den Prøysen skriv om her:
«Dra krakken bortåt glaset. Så sett vi øss og ser. Og prøve finne leia der julestjerna er. Den blankeste ta alle. Hu er så klar og stor. Du ser a over taket der a jordmor Matja bor»
– Astrofysikar Eirik Newth kan du gjere meg klokare?
– Reint vitskapleg finst det veldig lite belegg for at det faktisk har eksistert ei julestjerne. Det ein fort oppdagar er at det berre er ein stad det står om julestjerna i mytologien og det er i Matteus-evangeliet. Det vesle som står i Bibelen gir eigentleg ikkje så mange hint. Men eitt hint er at ho ikkje har vore særleg blank og stor. Det kan vi konkludere med fordi visemennene som ser stjerna fortel andre kva dei har sett og dei blir overraska. Med andre ord: Dette var ikkje eit fenomen som alle kunne sjå.
Viss vismennene i det heile tatt har sett noko på himmelen, må det ha vore noko anna enn ei stjerne.
– Viss det var noko, var det sannsynlegvis ei planet-samanstilling – altså at planetane stod på ein spesiell måte på himmelen, som berre nokre vismenn har lagt merke til og folk flest ikkje har sett. Men problemet der er at den siste samanstillinga som er aktuell skjer sju år før Kristus. Så då er fødselsdatoen til Jesus feil, seier Newth.
Newth har hatt stor interesse for julestjerna til Prøysen heilt frå barnsbein av, og har gjort sine eigne studiar av kva for stjerne Prøysen eigentleg skriv om.
– Teksten passar veldig godt på ei bestemt stjerne – ho som faktisk er den blankaste av alle, nemleg Sirius. Store delar av året er ho ikkje synleg, men rundt juletider dukkar ho opp lågt på himmelen og er kjent for å blinke veldig. Det er ei av dei få klare stjernene som faktisk er synleg i alle land i verda, fortel Newth.
Så når fireåringen spør om julestjerna neste gong, då skal eg svare klart:
– Du meiner vel Sirius?
Dårleg ide å gi bort hjartet
Alle spørsmåla frå dotter mi har gjort meg nyfiken sjølv. No vil eg finne ut meir om min personlege julesongfavoritt «Last Christmas»:
«Last Christmas, I gave you my heart. But the very next day, you gave it away. This year, to save me from tears. I’ll give it to someone special»
Ja, eg skjønar at det er symbolsk. Men kva om vi tolkar teksten bokstavleg? Kva skjer med hjartet vårt om det blir sendt slik på kryss og tvers – frå person til person? Lege og hjartespesialist, Wasim Zahid, åtvarar mot denne praksisen.
– Det går ikkje an å gi bort eige hjarte sjølv. For straks ein tek ut hjartet frå kroppen så er ein død. Det ein kanskje kunne tenkt seg er at dette er snakk om ein som har meldt seg som organdonor, og at dagen vedkommande døyr blir hjartet donert bort. Det er på ein måte den einaste naturlege forklaringa eg kan sjå, seier han.
Men heller ikkje denne teorien er vasstett om ein skal tolke heile strofa bokstavleg.
– Ved transplantasjon er det slik at eit hjarte som blir tatt ut av ein kropp kan overleve mellom fire og seks timar, men då er det pakka ned i is og blir transportert på ein spesiell måte. Viss vedkommande som får donorhjartet gir det vidare «the very next day» så må det vere snakk om at hjartet blei teke ut av kroppen like før midnatt og gitt vidare rett over midnatt, elles gir det ingen meining.
Også strofa om at hjartet i år skal gå til «someone special» får Zahid til å stusse.
– For det første så kan du ikkje få tilbake eit hjarte du allereie har donert. I alle fall ikkje eitt år etterpå. Det er heller ikkje slik at ein sjølv kan velje kven ein vil donere organa sine til. Så at hovudpersonen i songen vil gi hjartet sitt til ein spesielt utvald i år har ikkje rot i verkelegheita, seier hjartespesialisten.