nyhende

Færre tek barnehageutdanning. 40 prosent av studieplassane står tomme, viser tal Khrono har henta inn. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Færre tek barnehageutdanning. 40 prosent av studieplassane står tomme, viser tal Khrono har henta inn.

Færre tek barnehageutdanning

Rekrutteringa til barnehagelærarutdanningane held fram med å stupe. Nær 40 prosent av studieplassane står tomme – ein auke frå ein tredel i fjor.

Publisert Sist oppdatert

I 2023 stod ein tredel av studieplassane tomme i september. I år har talet auka til nær 40 prosent av plassane, skriv Khrono.

Tala avisa har innhenta, viser at talet på studentar som møtte til det første året til barnehagelærarutdanninga, har falle frå 1813 i 2023 til 1489 – ein reduksjon på 324 studentar.

Ei av årsakene til at ikkje fleire ønskjer å jobbe med dei yngste barna, er at det finst mange mytar om yrket i samfunnet, trur Else Berit Skagen. Ho er rektor ved Dronning Maud Minnes Høgskole (DMMH) som tilbyr barnehagelærarutdanningar på alle nivå.

– Ein av dei er lønn, og for å ta eit døme, du får høgare lønn som nyutdanna barnehagelærar enn det ein nyutdanna politibetjent får, og det trur eg ikkje mange veit, seier Skagen.

Ho er oppteken av kor viktig det er at det finst god kompetanse i barnehagen, og kor viktig den tida er i livet til små barn.

– Regjeringa er oppteken av utanforskap og utfordringar for unge menneske. Det blir snakka altfor lite om kor viktig nettopp barnehagen er for å skape ein god barndom, god oppvekst. Grunnlaget for moglegheitene til barna seinare i livet blir nettopp forma her, seier Skagen.

Powered by Labrador CMS