nyhende
Færre nye personbilar i Noreg – kraftig vekst i elektriske lastebilar
Det vart selt 174.329 nye personbilar i Noreg i 2022. Det er 1,1 prosent mindre enn i 2021, men talet på nye elbilar held fram med å stige.
Salet av personbilar totalt er framleis langt over normalen, og 2021 var eit rekordår.
Det vart selt 138.260 nye elbilar i 2022, noko som betyr at elbilar no snart utgjer 80 prosent av dei selde nybilane.
Tesla og Volkswagen er på topp på lista over dei mest selde merka. Det vart selt meir enn 20.000 av begge merka. Deretter følgjer BMW, Toyota og Volvo.
Den mest selde enkeltmodellen er Tesla Model Y, etterfølgd av Volkswagen ID.4 GTX og Skoda Enyaq.
Heile 17.356 av Y-modellen vart seld i 2022. Den passerte dermed toppnoteringa til Volkswagen 1300/1500, betre kjent som bobla, i 1969.
Det vart importert 18.513 brukte personbilar i 2022, og av desse var 78 prosent elbilar. Mest import var det av Kia e-Niro. Det er Volkswagen Golf som er den mest selde bruktbilen i Noreg – heile 14.811 av desse skiftet hender i 2022.
For varebilar samla sett er det eit kraftig fall i salet på 12,3 prosent i 2022, medan talet på nye elektriske varebilar steig med 24,8 prosent. Talet på nye lastebilar steig svakt, medan talet på nye elektriske lastebilar nærast eksploderte med ein auke på 468,8 prosent. Det vart selt 364 elektriske lastebilar i Noreg i fjor, så her er framleis det store fleirtalet av køyretøya – 4.571 – drive av forbrenningsmotor.
Hos anna grupper køyretøy var det eit fall i talet på førstegongsregistrerte bubilar, bussar, motorsyklar og ATV-ar.
(©NPK)