nyhende
Storviltjakta til hausten:
Færre hjorteløyve i år enn i fjor
Viltnemnda i Sveio gir løyve til felling av 323 hjort under jakta til hausten. Det er 25 færre løyve enn i 2023.
– Årsaka er fellingsresultatet for jaktåret 2023. Då var fellingsprosenten nede i 50 prosent. Me vil helst ha ein fellingsprosent på 70 prosent, forklarar viltrådgjevar Dagfinn Fagerland Bjørge til Vestavind.
Auke i nokre område
Sjølv om talet på løyve går litt ned, har viltnemda tatt omsyn til dei områda der tettleiken av dyr er høgast og der dette også fører til størst ulemper for grunneigarane. Dette gjeld særleg områda rundt Emberlandsnipen og Valestrand. Her er det lagt opp til uttak av fleire dyr enn elles i kommunen, og i desse områda er det også gitt fleire løyve til uttak av hodyr i vald med målretta avskyting.
Fordelinga av løyve til målretta avskyting ser slik ut: 44 kalvar, 68 spissbukkar, 28 vaksne bukkar og 45 koller. I tillegg har Førdespollen hjortevald 68 dyr og Indre Ålfjorden 70 dyr. Dei to storvalda har sjølve utarbeidd driftsplanar som er godkjende av kommunen. Indre Ålfjorden hjortevald har dette året meldt frå om at dei vil freda koller på grunn av lite dyr i deira område.
Ønskjer fleire storvald
– Sett frå vår side hadde det vore ein fordel for forvaltinga at fleire hadde samla seg i storvald. Dette er likevel noko me ikkje kan blanda oss inn i. Det er heilt opp til grunneigarane sjølve, seier Bjørge.
Minstearealet for tildeling av kvote er 750 dekar i Sveio, men kommunen har i fleire år brukt retten til å fråvika arealkravet med opp til 50 prosent. Det vil seia at ein i område med mange dyr kan gå heilt ned til 375 dekar per løyve, eller auka til 1.500 dekar der det måtte vera få dyr. Med årets tildeling ligg gjennomsnittsarealet på 650 dekar per dyr det blir gitt løyve til å fella.
Viltforvaltninga i Sveio vil halda fram med å ta ut såkalla skrapdyr, det vil seia kalvar under 15 kilo og ungdur under 35 kilo. Desse dyra vil ikkje gå ut over kvotane som er gitt for det einskilde valdet.
Rådyrjakta
Viltnemnda har gitt løyve til felling av 225 rådyr pluss kvotefri jakt i dei to storvalda som sjølve styrer uttaket.
– Me ønskjer at rådyrstamma skal vera så liten som mogleg, seier Bjørge.
Hjoretejakta startar 1. september og varer fram til 23. desember. For rådyr startar bukkejakta 10. august og for rådyr elles 25. september. Også for rådyr varer jakta fram til 23. desember.