nyhende
Færre følgjer kostråda – fleire kuttar grovbrød og potet
Meir enn halvparten av vaksne i Noreg er opptekne av sunt kosthald. Likevel går utviklinga i feil retning. No et vi mindre karbohydrat enn tilrådd.
– Dei fleste pilene peikar i feil retning for det norske kosthaldet, seier professor Lene Frost Andersen ved Universitetet i Oslo til NTB.
Ho har vore prosjektleiar for Norkost 4, ei nasjonal kosthaldsundersøking om matvanane våre.
Data frå nær 2000 personar busette i Noreg avslører til dømes at berre éin av sju et nok frukt, bær og grønsaker kvar dag. Særleg inntaket av frisk frukt og bær har gått markant ned på tolv år, og potetinntaket er kutta med ein femdel. Vi et litt meir av andre grønsaker.
Inntaket av brød går ned med rundt 30 gram per dag fordi vi et mindre grovt brød.
Totalt er andelen av energi vi får frå karbohydrat, gått ned 4 prosentpoeng sidan Norkost 3 frå 2010–11 og er no under tilrådd nivå.
Følgjer ikkje kostråda
Norkost 4 vart gjennomførte i 2022 og 2023, og dekkjer derfor ikkje moglege endringar som kan ha komme i kjølvatnet av at nye kostråd vart lanserte i august i år. Der vart tilrådingane for frukt, bær og grønt oppjusterte til minst fem, og helst åtte, porsjonar om dagen. Deltakarane i Norkost 4 låg på berre tre porsjonar i snitt.
Utviklinga ser også ut til å gå i feil retning for fisk og mjølk.
– Norkost 4 viser at kosthaldet til vaksne i liten grad er i tråd med dei nye kostråda, seier Andersen.
Dei fleste bryr seg
– Dette er ein god studie som endå ein gong viser tydeleg at mykje ikkje går så bra, og mykje burde endrast, når det gjeld utviklinga i norsk kosthald, seier divisjonsdirektør Linda Granlund i Helsedirektoratet.
Heile 55 prosent av deltakarane er opptekne av eit sunt kosthald i stor eller svært stor grad, medan 39 prosent er til dels opptekne av det. Berre 7 prosent seier at dei ikkje er noko særleg opptekne av sunt kosthald.
Samtidig fell halvparten av deltakarane i kategoriane overvektig eller «har fedme». Sju av ti seier vidare at dei aktivt prøver å gå ned i vekt eller aktivt gjer noko for å halde vekta.
– Kvifor følgjer dei ikkje kostråda då?
– Vi treng sterkare verkemiddel. Det viktigaste for kva vi puttar i oss, er pris. Prisen trumfar både smak og helse når vi vel i butikken, seier Granlund.
Upopulære grep
Granlund har trua på sunn skatteveksling: å kutte skattar på det som er sunt, og gjere dei usunne matvarene dyrare.
– Vi veit at prisverkemiddel fungerer. Med betre prisar, blir det enklare å velje sunne produkt. Men vi treng nokre modige politikarar for å få det til. Dei som innfører slike sunne grep, blir nok ikkje så populære der og då. Men dei som fekk gjennom røykjelova, fekk heller ikkje omgåande ei hyllest?
Granlund ønskjer seg også tiltak for å gjere det lettare å gripe noko sunt i farten når ein er sugen på eitt eller anna.
– Slik det er no, skal du ha ganske god viljestyrke for å unngå usunne val i løpet av ein dag. Er du svolten og går i kantina, forbi kiosken eller gjennom butikken, skal du vere sterk for å ikkje ta med deg noko usunt.
Alkoholen overraska
Norkost-undersøkingane gir også moglegheit for å studere utviklinga i kosthaldspreferansane til befolkninga over tid. Andersen seier ho var litt overraska over at andelen av energi frå alkohol var høgast i den eldste gruppa. Inntaket av alkohol har ikkje endra seg mykje i snitt per innbyggjar.
I snitt oppgav deltakarane dessutan at dei drikk 1,4 desiliter øl per dag, medan dei i Norkost 3 rapporterte 1,2 desiliter.
– Når det gjeld vin, var det omvendt. Mengda vin per dag er ned frå 0,6 til 0,4 desiliter vin i 2022–23.
Andersen trekkjer til sist fram tre utviklingstrekk som går i ei meir rett retning:
– Grønsakinntaket har i alle fall ikkje gått ned, det er litt høgare blant både menn og kvinner enn i Norkost 3. Inntaket av sukkersøta brus og saft har gått ytterlegare ned. Og så er det positivt at sjølv om det totale feittinntaket har auka, så er det ikkje det usunne, metta feittet som er gått opp.