nyhende

Forslaget om å endre Herrens bønn-versjonen fra 2011 ble nedstemt. Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB / NPK
Forslaget om å endre Herrens bønn-versjonen fra 2011 ble nedstemt.

Fadervår-endring vart stemt ned

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Då Herrens bønn, eller Fader vår, fekk ny språkdrakt i 2011 vart det møtt med motbør.
Ei ny avstemming om ulike ordval enda med at 2011-versjonen held fram.

Det skriv Vårt Land. I 2011, då Bibelselskapet gav ut ei ny utgåve av Bibelen, heitte ikkje lenger bønna Fader vår, men Vår Far. I tillegg vart siste setning i bønna endra.

«Lei oss ikkje inn i freisting, men frels oss frå det vonde» var omsetjinga frå 1978, men i 2011 vart denne setninga endra til: «Og la oss ikkje komme i freisting, men frels oss frå det vonde». Denne omsetjinga har ikkje vore ukontroversiell, men blir no behalden.

– Den nye omsetjinga er rett og slett ikkje tilfredsstillande set opp mot til grunnteksten, seier Gunnar Johnstad, som fram til 2021 sett i Bibelselskapets omsetjingsutval.

Forslaget som vart nedstemt lydde slik: «Bær oss ikke inn i prøvelse, men fri oss frå det onde».

Omsetjingsutvalet stemde over saka i 2021 og landa til slutt på å behalde dagens formulering.

Spørsmålet om omsetjinga av Fadervår har vore klassifisert som eit såkalla «Kategori 1»-tema i revisjonsprosessen, skriv avisa. Det betyr at dette vart rekna som noko av det viktigaste ein tok stilling til.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS