nyhende
Få nordmenn gir blod
Noreg er ikkje sjølvforsynt med blod eller plasma og treng fleire givarar. Samtidig har fleire blodbankar personalmangel, og det kan vere fare for at fleire i distrikta får lang reiseveg til næraste blodbank i framtida.
Berre tre prosent av nordmenn gir blod, men halvparten av oss er venta å trenge blodoverføring eller blodprodukt i løpet av livet.
Samtidig gjer geopolitiske forhold at Noreg må styrkje blodberedskapen. Forsvaret har rekna ut at behovet for blod i ein krigssituasjon langt overstig den kapasiteten blodbankane har i dag.
Bekymra for blodørken
Einar Kristoffersen er leiar for blodbanken på Haukeland sjukehus i Bergen. Han seier dei førebels har nok blodgivarar ved sjukehuset.
– Vi er i ein sivil beredskapssituasjon og har eit lager av blod. I det siste har vi hatt vanskar med å halde lageret oppe, men det kjem heller av personellmangel hos oss, enn mangel på blodgivarar.
Han er meir bekymra for avstanden blodgivarar i distrikta har til ein blodbank i nærområdet sitt. Han nemner at dei i USA har eit omgrep, «blodørken», for stader der det er langt å reise til blodbankar.
– Vi har eit laboratorium på Voss som tek imot blodgivarar, men dei har vanskar med å få personell. Det hadde vore uheldig om dei måtte slutte, for dei har eit viktig beredskapspotensial. Vi brukar ressursar på å reise til Voss med vårt personell for å hjelpe dei å tappe blod frå givarar. På dagar med fint vêr kan vi køyre, ta tog eller fly dit, men slik er det ikkje alltid, og då må Voss klare seg sjølv.
– Gi blod meir enn ein gong
Funksjonsleiar for immunologi og transfusjonsmedisin (blodbank) Anita Larsen fortel at dekninga er god i Helse Fonna, som administrerer sjukehus og institusjonar i områda Haugaland, Sunnhordland og delar av Hardanger.
– Vi jobbar kontinuerleg med å behalde og få nye blodgivarar. Rekruttering skjer gjennom nettstaden giblod.no og kampanjane deira, men vi ser også at medieoppslag om blodgiving gjer at fleire registrerer seg. Ei oppfordring frå oss til dei som melder seg og blir godkjende, er at dei fortsett med å gi blod også etter første time. Blod kan ikkje lagast, men må bli gitt.
Også ved Helse Førde, som administrerer sjukehus og institusjonar i Sogn og Fjordane, har dei i dag god tilgang på blodgivarar, fortel avdelingssjef for laboratorium medisinsk biokjemi og blodbank, Robin-Andre Sørland.
Beredskapsbygging
Brit Valaas Viddal er avdelingsleiar for medisinsk biokjemi og blodbank ved Helse Møre og Romsdal. Dei har tre blodbankar som samarbeider.
– Volda har rikeleg tilgang på blodgivarar. Volda er jo ein studentstad, og studentar er ivrige på å melde seg og gi. Utfordringa er at dei ofte berre blir ei kort stund, men tilgangen er jamt bra, seier Valaas Viddal til Nynorsk pressekontor.
Også i Ålesund har dei nok blod på lager til forbruket dei har i dag, men Valaas Viddal seier at dei er opptekne av å byggje opp beredskapen. Mellom anna treng Helse Møre og Romsdal fleire blodgivarar til avdelingane i Molde og Kristiansund.
– Vi treng fleire blod- og plasmagivarar for beredskapen framover. Ein av grunnane er at Noreg ikkje er sjølvforsynt med plasma.
Ho etterlyser derfor meir ressursar for å tappe plasma.