nyhende

– Det er kjempebra at folk er flinke til å pante. Fortsett sånn, sier butikksjef Rebekka Lye. Foto: Infinitum
– Det er kjempebra at folk er flinke til å pante. Fortsett sånn, sier butikksjef Rebekka Lye.

Extra Sveio tronar framleis på pantetoppen

Nesten 650.000 tomme boksar og flasker blei panta hos Extra Sveio i 2023. Det er mest i heile Sveio, og over dobbelt så mykje som hos Kiwi.

Publisert Sist oppdatert

Topp seks i Sunnhordland

  1. Rema 1000 Husnes (Kvinnherad): 1.009.741
  2. Kiwi Heiane (Stord): 893.532
  3. Spar Haga (Stord): 833.894
  4. Kiwi Sagvåg (Stord): 732.451
  5. Kiwi HSD (Bømlo): 668.866
  6. Extra Sveio: 646.514

Totalt blei over 1,5 milliardar flasker og boksar panta i Noreg i 2023, viser tal frå panteselskapet Infinitum. Det førte til at store mengder plast og aluminium blei resirkulert til nye boksar og plastflasker, skriv selskapet i ei pressemelding.

– Me har vore størst på pant i mange år no, så eg er ikkje overraska. Eg trur plasseringa av pantemaskinen er årsaka til at me er best på pant. Den står ute i gangen på senteret og du får stå i fred og ro, seier butikksjef Rebekka Lye hos Extra Sveio.

Over ein million i Sveio

Kor mykje pant som kjem inn, heng også saman med storleik på butikkane og plassering. Men også for dei minste butikkane er det gode pantetal. Samla tal for heile Sveio er 1.057.136 plastflasker og boksar.

  • Extra Sveio: 646.514
  • Kiwi Sveio: 305.019
  • Joker Førde: 83.466
  • Nærbutikken Valevåg: 22.137

I heile Vestland fylke blei det panta totalt 194,6 millionar boksar og plastflasker. Med 646.514 boksar og flasker, er Extra Sveio også den butikken som fekk inn 6. mest i Sunnhordland i fjor.

– I Noreg er me så heldige at me har verdas beste pantesystem. Panting er kjempeviktig for miljøet og gir mindre plastforsøpling, seier butikksjefen.

Store miljøgevinstar

Totalt er det 7.600 produkt med pantemerke registrert hos Infinitum. Godt over 90 prosent av alle drikkevarer med pantemerke blir no returnerte.

– Resirkulering av tomgods frå drikkevarer gir store miljøgevinstar. På denne måten sparar me enorme mengder energi og får ein betydeleg reduksjon i klimagassutslepp, seier Randi Haavik Varberg, kommunikasjonsdirektør i Infinitum.

Fleire produkt frå polet

I 2019 byrja Vinmonopolet ei satsing på såkalla klimasmart emballasje, og starta å selja ei rekke produkt innan vin og brennevin med pantemerke. Per no finst over 70 ulike typar vin og over 70 brennevinsprodukt som kan pantast.

– Me ser også at stadig fleire produkt frå Vinmonopolet kjem inn til våre anlegg, og returandelen på desse produkta stig for kvart einaste år. Så tusen takk til alle som pantar, og til alle butikktilsette som tar alt tomgodset vidare til oss, seier Varberg.

Topp ti på pant i Vestland

  1. Rema 1000 Nattland (Bergen): 2.924.839 bokser og flasker
  2. Rema 1000 Knarvik (Alver): 2.345.361
  3. Kiwi Storebotn (Askøy): 2.278.647
  4. Extra Odda (Ullensvang): 1.871.392
  5. Kiwi Palmafossen (Voss): 1.708.128
  6. Rema 1000 Wergeland (Bergen): 1.666.152
  7. Extra Nyborg (Bergen): 1.569.100
  8. Spar Lone (Bergen): 1.547.751
  9. Meny Os (Bjørnafjorden): 1.397.038
  10. Rema 1000 Eidsvåg (Bergen): 1.388.719
Powered by Labrador CMS