nyhende
Extra Sveio slo alle på pant
I 2022 panta nordmenn over 1,5 milliardar boksar og flasker. Hos Extra Sveio blei det panta nesten 670.000 boksar og flasker. Det er mest i heile Sveio.
— Det er knallbra at det kjem så store mengder tilbake. Panting handlar om meir enn kronene. Det handlar om miljøet, seier butikksjef Rebekka Lye.
668.291 flasker og boksar heldt til 5. plass i Sunnhordland. På 5 på topp-lista er det tre butikkar på Stord framfor Exstra Sveio. Aller mest pant fekk dei inn på Rema 1000 Husnes i Kvinnherad. Dei enda på 981.569 flasker og boksar.
Eige panterom
På pantetoppen i Vestland tronar Rema 1000 Knarvik i Alver kommune med heile 2,35 millionar, skriv Infinitum i ei pressemelding.
– Eg trur plasseringa av pantemaskina vår er det som har mest å seia for at me får inn mykje pant. Maskina er i eit eige rom på utsida av butikken, slik at folk kan stå i fred og ro når dei pantar. Det trur eg mange føretrekk. Det er flott at så mange pantar, slik at flaskene og boksane kan bli til nye flasker og boksar, seier Lye.
Sirkulærøkonomi i praksis
Det blei panta over 1,5 milliardar flasker og boksar i Noreg i 2022. Med det bidrog me til at totalt 21.600 tonn plast og 13.200 tonn aluminium blei resirkulert til nye flasker og boksar.
Dei totale pantetala for Noreg i 2022 var 921 millionar boksar og 601 millionar flasker. I tillegg kom det inn 38 millionar utanlandske einingar utan pant.
— Pantesystemet er heilt unikt, og kanskje det beste sirkulære systemet vi har i Noreg. Alle materiala i boksane og flaskene blir brukt om og om igjen. Det er sirkulærøkonomi i praksis, seier Randi Haavik Varberg, kommunikasjonsdirektør i Infinitum.