nyhende

NAF har lenge jobba for ein offisiell test av rekkevidde for elbilar på vinteren. No kan det vere på trappene. FOTO: NAF
NAF har lenge jobba for ein offisiell test av rekkevidde for elbilar på vinteren. No kan det vere på trappene.

EU vil vinterteste alle elbilar frå 2025

Ein ny test av rekkevidda til elbilar er på trappene i EU. Eit vedtak om vintertesting av alle elbilar kan kome i år.

Publisert Sist oppdatert

— Det vil vere eit viktig gjennomslag for forbrukarane, og det betyr at informasjon om rekkevidda til elbilane om vinteren blir tilgjengeleg, seier Ingunn Handgaard, pressesjef i bilorganisasjonen NAF.

I dag blir rekkevidda til elbilane testa i 23 varmegrader. Den nye testen skal gjennomførast i minus sju grader, i eit kuldekammer. Forslaget blir truleg lagt fram for EU-parlamentet over sommaren i år. Eit vedtak er venta før nyttår, og etter planen skal det tre i kraft frå 2025.

Misser mykje rekkevidde i kulda

– Om dette blir vedteke blir det den nye offisielle vinter-rekkeviddetesten NAF har etterlyst og jobba for. Det betyr at vi på ein heilt annan måten kan samanlikne kor langt ulike elbilar går om vinteren. Det er gledeleg at vi har kome så langt, seier Handgaard i ei pressemelding.

Elbilar misser mykje rekkevidde i kulda. Kor mykje varierer frå modell til modell. NAF og Motor sine målingar av vinterrekkevidde har vist at tapet variere mellom fire og 34 prosent. Kva modellar som mister kor mykje blir som hovudregel ikkje oppgitt av forhandlarane.

Noreg viktigast i Europa

— Noreg er det viktigaste elbillandet i Europa, og erfaringane frå våre eigne vintertestar viser at det er eit klart behov for ein standardisert test, meiner Handgaard.

NAF har lenge jobba opp mot EU, saman med paraplyorganisasjonen FIA, for å få på plass eit krav om at alle elbilar må gjennom ein standardisert test for vinterrekkevidde.

— Alle elbilar kjem med eit offisielt rekkeviddetal i dag, men det er i praksis ei sommarrekkevidde. Det talet seier ingenting om korleis elbilen gjer det i kulda. Om denne nye testen blir vedteken vil bilen få eit offisielt tal som gjer at ein lett kan samanlikne kor lang rekkevidde ulike elbilar har om vinteren, avsluttar Ingunn Handgaard.

Powered by Labrador CMS