nyhende
Etterlyst: Tomme makrellboksar og aluminiumformer til fisk
Metallemballasje er svært energikrevjande å produsere, og det er stor miljøgevinst i å resirkulere den. Likevel hamnar altfor mykje av emballasjen i restavfallet.
Aluminium blir produsert av bauksitt, ein jordart det finst særleg mykje av i Afrika, Australia og Sør-Amerika. Til liks med andre grunnstoff er aluminium ei ikkje-fornybar råvare, og utvinninga av aluminium frå bauksitt er svært energikrevjande.
Når aluminiumet blir resirkulert og vunne tilbake, trengst det derimot berre fem prosent av energien i forhold til det det gjer å vinne ut frå bauksitt. Det er difor ekstra viktig å sortere aluminiumsavfallet rett.
Blir kasta i restavfallet
Undersøkingar Kantar gjer for Norsk Metallgjenvinning, viser då også at 83 prosent av befolkninga seier dei kjeldesorterer metallemballasjen sin. Likevel viser plukkanalyser av returselskapet Norsk Metallgjenvinning at det framleis er for mykje metallemballasje i restavfallet. Det er særleg mange aluminiumformer frå omnsbakt fisk og tomme makrellboksar som hamnar i restavfallet i staden for i returordninga der det høyrer heime.
— Vi skulle ønske at fleire vart endå flinkare til også å kjeldesortere denne emballasjen rett. Makrellboksane og aluminiumformene er verdifulle for oss, og dei er like gode å vinne tilbake som annan metallemballasje, seier Ylva Erbach, som er dagleg leiar i Norsk Metallgjenvinning.
Evig liv
Erbach understrekar at aluminium er ei ettertrakta og verdifull råvare som bør brukast mange gonger. Aluminium har like god kvalitet kvar gong han blir vunne tilbake og kan derfor vinnast tilbake i det uendelege. Metallemballasje skal leverast i returordninga for glas- og metallemballasje.
Når metallemballasjen er samla inn saman med glasemballasjen, blir det frakta til eit stort moderne sorteringsanlegg på Øyra i Fredrikstad. Her blir stål, blikk og aluminium sortert frå glaset. Deretter blir dei ulike metalltypane smelta ned og brukt til produksjon av nye produkt.
Det er likevel viktig at emballasjen er fri for matrestar. Er den brukt til å varme mat i omnen og har fastbrunne matrestar som er vanskeleg å fjerne, kan dei setjast i vatn etter bruk. Eit tips er også å leggje litt bakepapir under maten før han blir steikt.