nyhende

I snart to år har dette nedbrente huset på Bjelland blitt ståande utan at tomta har blitt rydda. Nå er naboar lei av synet og har teke kontakt med kommunen.
I snart to år har dette nedbrente huset på Bjelland blitt ståande utan at tomta har blitt rydda. Nå er naboar lei av synet og har teke kontakt med kommunen.

Etterlyser opprydding av branntomt

Folk på Bjelland har levd med branntomt som nabo i snart to år. Framleis er ikkje tomta rydda.

Publisert Sist oppdatert

Næraste nabo til branntomta har vore tålmodsame lenge, men i slutten av september kontakta dei Sveio kommune for å få vita kva som skal skje med branntomta framover.

I brevet sitt til kommunen skriv dei blant anna at det plagar dei ein del at det ikkje har blitt gjort noko, og påpeikar at tomta ikkje lenger er sikra med gjerde, og at vegger kan rasa saman.

Håpar på snarleg løysing

– Me har nå fått svar frå kommunen, som igjen har kontakta eigaren av branntomta. Diverre har det ikkje skjedd noko enda, men me håpar på ei løysning snart, opplyser Ståle Lamo til Vestavind.

Gjenreising eller rydding?

Ifølgje kommunalsjef Kenneth Tollefsen er Sveio kommune kjend med at branntomta ikkje er rydda og undersøkjer/følgjer dette nå opp i høve til ansvarleg eigar og tiltakshavar.

– Eigar har tidlegare sendt søknad om gjenreising av heilårsbustad, men etter det eg forstår er søknaden sett på vent. Sveio kommune har tidlegare denne månaden sendt spørsmål om me skal behandla denne eller om søkjar trekkjer søknaden, opplyser Tollefsen.

Powered by Labrador CMS